Skatteplanlegging og moral

Regjeringa bør setje kampen mot skatteflukt høgare på dagsorden.

Publisert: Publisert:

SKATTEFLUKT: Vikarbyrået Orange helse har levert vikarar i helse- og omsorgstenester til mellom anna Bergen kommune. Dei har ført store delar av inntekta ut av landet, ifølgje Aftenposten. Slik skatteplanlegging er problematisk, skriv BT på leiarplass. Foto: Fred Ivar Utsi Klemetsen

Bergensaren Nils Kristian Paulsen har dei siste ti åra bygd opp eit av landets største vikarbyrå for helsepersonell, Orange helse. I går kom Aftenposten med ei avsløring som tyder på at Paulsen har drive omfattande skatteplanlegging, mellom anna ved bruk av selskap i Litauen og på Malta.

Ingenting av det som har kome fram er ulovleg. Paulsen sjølv nektar for at selskapsstrukturen er skattemotivert. Likevel vil nok mange bli provosert, fordi pengane kjem frå det offentlege.

Sjølv om bruken av skatteparadis er lovleg, er den problematisk. Når selskap kan føre store inntekter ut av landet for å sleppe skatt, har det potensial til å undergrave heile samfunnsstrukturen. Til sjuande og sist handlar det om finansieringa av fellesoppgåvene, om vegar, skular, sjukehus og trygder.

Dessutan er det konkurransevridande i høve til selskap som ikkje driv slik skatteplanlegging. Med mindre styresmaktene gjer noko, vil venteleg stadig fleire gå denne vegen for ikkje å bli utkonkurrert.

PARADISE PAPERS: Ein lekkasje frå mellom anna advokatbyrået Appleby har dei siste vekene vist korleis selskap brukar skatteparadis for å unngå skatt. Foto: DARREN STAPLES / Scanpix

Men moral er eit sløvt våpen i denne kampen. For kvar skal ein setje grensa mellom akseptabel og ikkje akseptabel skatteplanlegging? Orange helse er ikkje det einaste vikarbyrået som har vore skulda for å føre skattekroner ut av landet. Slike skuldingar har òg råka Adecco, med hovudkontor i Sveits.

Det viktigaste skiljet i skattepolitikken går mellom det som er lovleg og det som er ulovleg. Hovudproblemet denne saka viser er at så mykje kan gjerast innanfor lovverket, ikkje kvar pengane kjem frå.

Konkurransevridande og samfunnsundergravande skatteplanlegging må gjerast ulovleg. Det er her styresmaktene må setje inn støyten, noko som rett nok er svært krevjande, fordi det inneber internasjonalt samarbeid.

Dei siste åra har både OECD, USA og EU sett i gang arbeid for å hindre skatteflukt. Arbeidet går sakte framover, men er komplisert. Mellom anna kjempar fleire europeiske land i mot, fordi dei tener på systemet. Land som USA og Storbritannia har òg eigne selskap og finansnæring som i stor grad tener på dagens system.

Den norske regjeringa har til no i stor grad følgt OECD. Med ein liten, open økonomi, og eit system der velferdsstaten er ein av berebjelkane, har Noreg sterkare interesse enn dei fleste land i kjempe mot skatteflukt. Regjeringa bør difor bli ein pådrivar for å få fortgang i tiltaka internasjonalt.

Publisert:
Om BTs leder

BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:

«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsens integritet skal være uavkortet så vel utad som innad».