Tyrkisk maktkonsentrasjon
Erdoğan har samla makta. Då må han ta ansvar for det som går dårleg òg.
MEIR MAKT: Erdoğan har fått meir kontroll på forsvar og etterretning, og han har fått ei ny grunnlov som gir presidenten meir makt over rettsapparatet. Foto: UMIT BEKTAS, NTB Scanpix
Recep Erdoğan vart måndag innsett som president i Tyrkia. Han har tatt Tyrkia frå å vere eit parlamentarisk demokrati, til eit konsentrert presidentstyre.
Maktgrunnlaget hans er ein kombinasjon av religiøst konservative og nasjonalistar. Det har ført til ein politisk retorikk som har skapt splid mellom Europa og Tyrkia. Erdoğan bør ta grep for å betre forholdet.
Først og fremst av omsyn til Tyrkia.
Erdogan erklærer valgseier i Tyrkia
Denne våren har vore prega av ei økonomisk krise i Tyrkia. Den tyrkiske lira har falt med 18 prosent sidan nyttår. Inflasjonen og renta er høg. Skal styresmaktene få kontroll over prisveksten, må renta vidare opp. Det kjem til å svi.
EU er ein viktig handelspartnar for Tyrkia, som er med i tollunionen. Viss tyrkisk økonomi skal bli betre, er landet avhengig av at utanlandske investorar ser på landet som trygt.
Difor er det urovekkjande at Erdoğan byter ut finansministeren sin. Mehmet Şimşek har nytt stor respekt internasjonalt, og har vore viktig for å roe marknaden under den pågåande økonomiske krisa.
Erstattaren hans er Erdoğans svigerson, som har fungert som energiminister sidan 2015.
BTs leder: Nok en svekkelse av rettsstaten i Polen
På søndag er det to år sidan kuppforsøket, der delar av militæret forsøkte å ta makta i Tyrkia. Sidan det vart slått ned, har Erdoğan styrkja sin posisjon. Han har fått meir kontroll på forsvar og etterretning, og han har fått ei ny grunnlov som gir presidenten meir makt over rettsapparatet.
Kort tid etter kuppet, innførte styresmaktene ein unntakstilstand som framleis gjeld. Kuppoppgjeret har vore altfor vidtrekkjande, og inkludert folk som ikkje hadde noko med kuppet å gjere. Unntakstilstanden har gjort menneskerettssituasjonen verre.
Med unntaktstilstand, har presidenten hatt mogelegheit til å endre lova ved dekret. Parlamentet har vore eit reint sandpåstrøingsorgan.
Den nye grunnlova har gjort denne makta vanleg. Det er difor venta at unntakstilstanden vert heva snart.
Morten Myksvoll: Tyrkia er splitta på midten
Erdoğan blir Tyrkias mektigaste president sidan Mustafa Kemal Atatürk. Han var president i 15 år, då Tyrkia var ein eittpartistat. Erdoğan kan, om han blir gjenvald, sitje til 2032. Då vil han ha styrt Tyrkia, først som statsminister og så som president, i 30 år.
Ser ein korleis Tyrkia ligg an i dag, lovar det ikkje godt for landet.
Flere artikler
«USA straffar Tyrkia for å ha fengsla ein amerikansk pastor, men det heile handlar nok eigentleg om våpen.»
«Erdoğan kan tape søndagens val i Tyrkia.»
«Verda kan ikkje sjå på at Saudi-Arabia drep kritikarane sine.»
«Halve Tyrkia er lukkeleg. Halve Tyrkia er skuffa.»
«Litteraturfestivalen i Bergen vel å hylle ein mann som styrkte Erdoğan gjennom falske kuppskuldingar.»
Skogbranndiplomatiet