Straumbrot i Nei-flokken

Noreg bør bli med i EUs energibyrå.

SJØLVRÅDERETT: Det er ingen grunn til å tvile på statsminister Erna Solbergs (H) forsikringar: Noreg vil framleis avgjere legging av straumkablar til utlandet, sjølv om vi blir med i EUs energibyrå, ACER, skriv BT på leiarplass.

Dei siste vekene har ordskiftet gått høgt om Noreg skal slutte seg til EUs energibyrå ACER. Kritikarane i Nei til EU, Sp, SV og venstresida i fagrørsla, meiner medlemskapen vil gje EU makt til å tvinge på Noreg fleire utanlandskablar og dermed høgare straumpris.

Dette er ei misforståing. ACER (Agency of Cooperation of Energy Regulators) er eit samarbeidsorgan mellom dei som regulerer energimarknaden i dei ulike landa. ACER skal løyse tekniske tvistar og sørgje for ein meir effektivt energimarknad.

ACER kan ikkje påleggje bygging av straumkablar mellom Noreg og andre land. Den makta vil framleis liggje hjå Storting og regjering, noko både olje- og energiminister Terje Søviknes (Frp) og statsminister Erna Solberg (H) har stadfesta.

Ordskiftet dei siste vekene tyder på at mange ikkje trur på desse forsikringane. Eit alternativ er då å høyre på dei som har noko å tape økonomisk på høgare straumprisar, som den kraftkrevjande tungindustrien.

Deira bransjeorganisasjon, Norsk Industri, er positive til norsk ACER-medlemskap. «Det er hevet over tvil at flere utenlandskabler vil føre til høyere priser, men ACER har ikke noe med det å gjøre», seier direktør Ole Børge Yttredal i Norsk Industri til NRK.

Dei meiner det er betre å sitje rundt bordet i ACER og ha innverknad, enn berre å ta i mot det som kjem frå EU.

Viss ein ikkje vil akseptere direktiva frå EU må Noreg truleg melde seg ut av EØS-avtalen. Akkurat det er målet for mange av ACER-motstandarane. Å bryte handelsavtalen med Noregs viktigaste eksportmarknad på denne måten ville likevel vore langt meir øydeleggjande for norsk næringsliv og arbeidsplassar enn alskens utanlandskablar.

Arbeidet som blir gjort i EU for å skape ein meir heilskapleg og effektiv energimarknad er svært viktig for å møte klimautfordringane framover. Det skjer ein formidabel vekst av fornybar kraft, spesielt frå vind og sol. Ulempene med denne krafta er at produksjonen varierer mykje. Difor er det svært viktig at kraft kan fraktast enkelt og ubyråkratisk over heile kontinentet.

Norsk vasskraft kan spele ei viktig rolle i denne energimiksen, som produsent når vindmøllene står stille og natta senkar seg over solcellepanela. Fleire utanrikskablar kan difor vere ein god idé, men om det skal skje vil bli verande eit nasjonalt politisk spørsmål. Det er om dette det politiske ordskiftet bør gå. ACER-debatten er eit sidespor.

Lederen
BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:
«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsensintegritet skal være uavkortet så vel utad som innad».