Vent med å sprette champagnen

Avtalen mellom USA og Nord-Korea er oppsiktsvekkjande, men konsekvensane er høgst uklare.

KIMS LEK: Donald Trump fekk skuffande lite ut av møtet med Nord-Koreas diktator, Kim Jong-un, skriv BT på leiarplass. Scanpix

Det einaste stabile med Donald Trumps presidentskap er at det er ustabilt. I handelspolitikken er det ein katastrofe, noko G7-møtet viste nyleg. Så står det att å sjå om Trump klarer å få til noko i utanrikspolitikken.

Gårsdagens avtale mellom USA og Nord-Korea i Singapore er historisk, først og fremst fordi dei i det heile tatt møtest. Ingen presidentar før Trump har ønskt å møte Nord-Koreas diktatorar, mellom anna fordi Nord-Korea ikkje har akseptert kravet om å fjerne alle atomvåpen utan vilkår. Det gjorde heller ikkje Kim Jong-un, men Trump gjekk med på å møte han likevel. Så står det att å sjå om det var lurt.

Nord-Korea har fleire gongar tidlegare inngått avtalar om å stanse utviklinga av atomvåpen, avtalar som ikkje er blitt følgt. Under Kim har Nord-Korea tvert om sett fart på opprustinga, slik at dei no truleg kan nå USA med atomberande rakettar.

Avtalen Trump og Kim presenterte for verdspressa tysdag inneheld ingen formuleringar som pliktar Nord-Korea til å fjerne trugsmålet. Kim gjentek formuleringane frå møtet med Sør-Koreas president Moon Jae-in i april, om at Nord-Korea vil plikte seg til «fullstendig nedbygging av atomvåpen på den koreanske halvøya».

Det er høgst uklart om dette i praksis vil føre til noko meir enn tidlegare lovnader. Kommentator Nicholas Kristof i New York Times peikar på at nordkoreanarane har lova forplikta seg til å fjerne atomvåpen gjentatte gongar sidan 1992. Gårsdagens avtale har ingen forpliktande formuleringar, til dømes om inspeksjonar, fjerning av rakettar eller å stoppe atomprogrammet til Nord-Korea.

Til no er den einaste som verkeleg har oppnådd noko med sjølve avtalen Kim. Å møte USAs president som likemann er ein enorm propaganda-siger.

Dei uforpliktande formuleringane i avtalen er skuffande. USA har her gjeve Nord-Koreas diktator ein posisjon han ikkje fortener internasjonalt, og har fått lite att for det.

Avtalen skal følgjast opp av samtalar under leiing av USAs utanriksminister Mike Pompeo og «ein høgtståande tenestemann» frå Nord-Korea. Ein kan sjølvsagt vone at dei vil føre til noko meir konkret, men alt det vanskelege står att.

Det store spørsmålet er kvifor Kim skal gje frå seg atomvåpena, det einaste politiske kortet han har.

Lederen
BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:
«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsensintegritet skal være uavkortet så vel utad som innad».