Grunnplanken

EØS-avtalen har framleis brei oppslutning i folket. Men støtta bør ikkje takast for gitt.

Publisert: Publisert:

VELSTAND: Rekordstor oppslutning om EØS-avtalen viser at det norske folket forstår verdien av avtalen. Likevel gjer ein dumt i ikkje å ta dei negative sidene ved EØS alvorleg, skriv BT på leiarplass. Foto: Espedal, Jan Tomas

For to veker sidan skapte Avdeling 5 i Fellesforbundet bølgjer, både i LO og det politiske Norge. Industriarbeidarane på Vestlandet har tradisjonelt vore EØS-avtalens sterkaste forsvararar. Men no går dei inn for å seie opp avtalen.

Opprøret kan gje fleirtal i LO for kravet, og vil leggje press på Arbeidarpartiet for å følgje etter.

Opprøret er eit paradoks. I det norske folket har EØS-avtalen solid støtte. I ei ny meiningsmåling Sentio har gjort for Klassekampen og Nationen, svarar rekordhøge 60,2 prosent at dei ville røysta for avtalen i ei folkerøysting. Berre 21,5 prosent ville stemt nei.

Medan EØS-motstanden har auka i LO, er han blitt mindre i folket. Så seint som i 2012 ville kvar tredje nordmann seie opp avtalen, ifølgje målingane.

EØS-avtalen er sjølve grunnplanken i Noregs samkvem med EU, dit 80 prosent av vår eksport går. Som ein liten, open økonomi er vi svært avhengige av denne avtalen.

Den avhengigheita er berre blitt større av den auka internasjonale proteksjonismen som er utløyst av USA-president Donald Trumps krig mot det regelstyrte internasjonale handelssystemet.

Det viste seg tydeleg då EØS-avtalen i sommar hindra at Noreg vart råka av EUs straffetoll på stål. Ein vanleg handelsavtale, som Nei til EU og andre meiner er alternativet, ville ikkje gjeve eit tilsvarande vern.

Brexit-forhandlingane åleine burde vere nok til å vaksinere dei fleste mot ein «Noxit». Den auka EØS-støtta i meiningsmålingane er truleg uttrykk for at dette har sokke inn hjå dei fleste.

Likevel gjer ein dumt i å oversjå den aukande motstanden i fagrørsla. For EØS-avtalen har sine utfordringar, ut over det demokratiske underskotet berre eit fullt EU-medlemskap kunne reparert.

For fagrørsla handlar det dels om EU-direktiv og dommar som ikkje har gått deira veg. Men påfallande mange av konfliktane skuldast den auka arbeidsinnvandringa frå Aust-Europa, som EØS-avtalen opnar for.

Medan arbeidsinnvandringa har vore svært bra for norsk økonomi, har den òg skapt problem. Det låg under opprøret i Fellesforbundet, som vart utløyst av ein langvarig konflikt med NHO Industri om godtgjersle for reise, kost og losji for gjestearbeidarar frå EU.

For LO handlar dette, for å seie det enkelt, om å hindre at norske arbeidarar blir utkonkurrert av billig austeuropeisk arbeidskraft. Liknande konfliktar har ein òg i andre bransjar, som bygg, anlegg og transport.

Både regjeringa og andre har gjort mykje for å bøte på problema dei seinare åra. Det er viktig at det arbeidet held fram, og at desse gruppenes problem blir tatt alvorleg og gjort noko med. EØS-avtalen gjev meir enn nok handlingsrom til det.

Publisert:
Om BTs leder

BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:

«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsens integritet skal være uavkortet så vel utad som innad».