Familiar med kriminelle har også krav på personvern

Stortinget bør ikkje tillate familiesøk i politiets DNA-register.

Publisert Publisert

DNA-SØK: Kripos vil ha mogelegheit til å gjere dna-søk blant familiemedlemmar av kriminelle. Det bør ikkje skje. Foto: Gorm Kallestad / NTB Scanpix

  1. Leserne mener

Norsk politi har eit verktøy som kan leite etter familiemedlemmer av dei rundt 100.000 straffedømte som er registrerte i politiets dna-register.

Dette betyr at politiet kan søke etter dna-treff i straffesaker blant alle familiemedlemmer av kriminelle, skriv NRK.

Verktøyet er så langt i strid med norsk lov, men fleire stortingspolitikarar vil vurdere å endre lovverket slik at politiet kan ta det i bruk.

Det bør ikkje skje.

Politiet meiner verktøyet vil gjere det mogeleg å løyse fleire alvorlege, uoppklara straffesaker.

Det utvida søket er allereie tatt i bruk i Sverige, og har bidrege til å oppklare ei overgrepssak der.

At politiet ønskjer å ta nye verkemiddel i bruk for å oppklare fleire saker, er forståeleg. Men den gode intensjonen i forslaget, kjem i strid med retten til personvern.

Familiemedlemmer av ein tidlegare straffedømt har like stor rett på personvern som alle andre. I realiteten vil ei lovendring bety at fleire hundre tusen lovlydige innbyggarar i dette landet vil ha sine DNA-opplysningar tilgjengelege for myndigheitene, berre fordi dei uheldigvis er i slekt med ein kriminell.

Dette er stigmatiserande og krenkar deira rett til privatliv. I tillegg kjem mogelegheita for at ei slik ordning kan bli misbrukt.

Til NRK seier både Frps Per-Willy Amundsen, Aps Jan Bøhler og SVs Petter Eide at dei er positive til å vurdere ei lovendring som gjer familiesøk mogeleg.

Alle framhevar den auka sjansen til å oppklare alvorlege kriminelle handlingar. Dette er sjølvsagt eit viktig omsyn, men stortingspolitikarane må også ta på alvor si plikt til å vareta individas grunnleggande rett til personvern.

I denne saka, bør det vege tyngst.

Framsteg i forsking vil framover gi stadig nye mogelegheiter, men også stadig utfordre retten til personvern.

Stortingspolitikarane må la omsynet til personvernet vege svært tungt i alle slike dilemma.

Publisert
Om BTs leder

BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:

«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsens integritet skal være uavkortet så vel utad som innad».