Britisk riksdag

Britiske politikarar har mista kontrollen over brexit. No må dei samarbeide, om det skal finnast ein veg ut av uføret.

TAPTE: – Brexit var ein dårleg idé som Theresa May fekk ansvar for å gjennomføre, meiner BT. Statsministeren har tapt tre avstemmingar om brexitavtalen hennar med EU. Mark Duffy, TT NYHETSBYRÅN

Eit knapt fleirtal på 52 prosent av britiske veljarar stemte for brexit i 2016. Etter nesten tre år, har britiske politikarar framleis ikkje funne ut korleis dei skal løyse utmeldinga.

Britisk politikk står meir og meir fram som kaotisk, og politikaranes manglande evne til å finne ei løysing på brexit er skadeleg for landet.

Måndag kveld vart alle alternativ nedstemt. Politikarane er i takt med veljarane sine, for heller ikkje hjå borgarane har det vore fleirtal for eitt einaste alternativ.

Det einaste unntaket, er når det gjeld utmeldinga i seg sjølv. Det siste halvåret har fleirtalet for å halde seg i EU vore større enn brexit-fleirtalet var i 2016.

Statsminister Theresa May har prøvd å få avtalen sin med EU gjennom Underhuset tre gonger. Ho har tapt kvar einaste gong.

I eit vanleg parlamentarisk demokrati, ville statsministeren gått av. På det tredje forsøket lokka May med å gå dersom ho vann. Det fekk nokre opportunistar – som Mays tidlegare utanriksminister Boris Johnson – til å skifte side, men May tapte likevel.

Det tyder på at britane går ut av EU 12. april utan ein avtale.

Les også

Brexitavtalen forkastet for tredje gang

For å unngå dette, har det britiske parlamentet forsøkt å ta kontroll på brexit-prosessen. Den siste veka har parlamentet hatt tolv voteringar for å avklare eventuelle alternativ til Mays avtale.

Ingen av alternativa fekk fleirtal. Det einaste prøvevoteringane har vist, er kor hjelpelause politikarane er.

Det Underhuset har klart å bli einige om, er at dei ikkje ønskjer å gå ut av EU utan ein avtale. Det er likevel det mest sannsynlege utfallet, sidan politikarane ikkje evnar å inngå eit kompromiss.

Les også

Brexitkaoset fortsetter: Ikke flertall for noe som helst

Brexit var ein dårleg idé som Theresa May fekk ansvar for å gjennomføre. Avtalen hennar ville gitt britane ei grei overgangsordning, men den gir ikkje gode svar på korleis britanes forhold til EU blir etter 2022.

Det er uvissa om det langsiktige forholdet som gjer at avtalen ikkje har fått fleirtal. Det store ankepunktet er korleis ein kan halde grensa open mellom Nord-Irland og EU-landet Irland, samtidig som Storbritannia går ut av EUs indre marknad.

Utan avtalen blir det derimot ingen overgangsordning.

Det Mays motstandarar fryktar kan skje etter 2022 kan inntreffe allereie 12. april: ein brutal utgang.

Desse politikarane burde løfte ein finger for å unngå det.

Lederen
BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:
«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsensintegritet skal være uavkortet så vel utad som innad».