Metoo-reglane gjeld på julebordet

Norske næringslivsleiarar må slutte å tru at metoo-kampanjen er over.

Publisert:

OPPFØR DEG: Unnskyldninga om at ein ikkje visste, var dårleg allereie då metoo-kampanjen starta. No er den fullstendig uakseptabel, meiner Bergens Tidende. Foto: Gorm Kallestad, NTB Scanpix (Illustrasjon)

To år etter metoo-kampanjen, ser det ut til at norske næringslivsleiarar trur at kampen mot seksuell trakassering er over.

Ei ny undersøking frå Kantar på vegner av NHO Reiseliv viser nemleg at 78 prosent av leiarane har lite fokus på seksuell trakassering før julebordsesongen.

Unnskyldninga om at ein ikkje visste, var dårleg allereie då metoo-kampanjen starta. No er den fullstendig uakseptabel.

Det er eit leiaransvar å gjere jobben trygg for alle. Det inkluderer sosiale tilstelningar som julebord.

Det ser dessverre ut til at metoo har blitt redusert til å berre handle om dei relativt få, men høgprofilerte metoo-sakene. Som varsla mot Trond Giske (Ap) og Kristian Tonning Riise (H).

Tidlegare i haust byrja Giske på jobben med å reinvaske seg sjølv. Han gjekk kraftig til angrep på media, som ifølgje Giske hadde pressa han ut av nestleiarvervet sitt.

Men det var ikkje media, men innhaldet i varsla mot han som kosta han posisjonen.

Denne helga snakka Riise ut i eit TV 2-intervju, under tittelen «Støtt ut i kulden». Men han vart ikkje fryst ut. Handlingane hans fekk konsekvensar.

Det er synd viss dei som har stått for uakseptabel åtferd skal få siste ord i saka.

Les også

Tidligere Unge Høyre-leder beklager oppførsel

Varslarane som sette seksuell trakassering i arbeids- og organisasjonslivet på dagsorden, fortener betre enn det. Dei risikerte mykje med å varsle, og endå meir med å stå fram.

Det er dei metoo-kampanjen handlar om. Kampanjen bidrog til opplysning rundt det enkle faktum at kvinner har rett til å gå på jobb utan å bli trakassert.

Metoo skulle gjere det enklare å seie frå. Når inngangen til julebordsesongen vert prega av forsøk på reinvasking, kan det auke terskelen for å seie frå.

Då må arbeidsgivarar vere klar over ansvaret sitt. Kampen mot seksuell trakassering er ikkje over etter éin kampanje. Det krev dessverre langvarig innsats å gjere det trygt for alle å gå på jobb.

Publisert:
Om BTs leder

BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:

«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsens integritet skal være uavkortet så vel utad som innad».