Ei uviss framtid for Polen

Noreg bør styrkje banda til Polen, sjølv i vanskelege tider.

Publisert Publisert

MEKTIG: Jaroslaw Kaczynski er leiar i partiet PiS. Han blir rekna som den reelle leiaren i Polen, sjølv om han ikkje er statsminister. Denne helga kunne han feire nok eit svært godt valresultat. Foto: Kacper Pempel, AP / NTB Scanpix

  1. Leserne mener

Helgas val i Polen gav endå eit brakval til det nasjonalkonservative og høgrepopulistiske partiet Lov og Rettferd (PiS).

Det er dårleg nytt for alle som ønskjer eit liberalt og sameint Europa.

Men sjølv om PiS gjekk frå 38 til 44 prosent, mistar dei høvet til å handsame store lovendringar i ekspressfart, slik dei har kunna dei siste fire åra.

PiS ser ut til å ha vunne eit fleirtal i underhuset Sejm, men mistar fleirtalet i senatet. Dermed vil det bli vanskelegare å endre grunnlova i spørsmål som abort og rettar for homofile.

Dei siste åra har demokratiet vore på rask retrett i fleire land i Aust- og Sentral-Europa. Det polske valet ser derimot ut til å ha blitt gjennomført som eit fritt og legitimt val.

Det er lett å avfeie oppslutninga til PiS utelukkande som ei stemningsbølgje for dogmatisk kristenkonservatisme og populistiske verdiar. Partiet er sterkt prega av katolske verdiar og jobbar definitivt for polsk sjølvstyre mot EU og «urbane elitar».

Les også

Kaczynski erklærer valgseier i Polen

Likevel ser det ut til å ha vore velferdspolitikken som avgjorde dette valet. PiS har stått for ein politikk med store kontantoverføringar til småbarnsfamiliar og låg arbeidsløyse.

Dette har fått heile det polske landskapet til å gå i retning av ein sterkare velferdspolitikk.

Det offisielle Noreg bør framleis halde nøye utkikk med liberale rettar i Polen som ytringsfridom og forsamlingsfridom. Det er viktig at til dømes EØS-midlar til sivile organisasjonar ikkje blir styrt av polske styresmakter.

Samstundes er det vel så viktig kva det norske sivilsamfunnet gjer. Folk-til-folk-samarbeid kan vere svært viktig for å gje støtte til frie organisasjonar i Polen.

Bergens ordførar Marte Mjøs Persen (Ap) er mellom dei som har følgt stoda i Polen tett. Ho har delteke i pride-parade og hatt kontakt med polske politikarar. Denne typen samarbeid er med på å knytte Europa saman og vise at vi bryr oss om kvarandre.

I 2018 fekk den polske advokaten Adam Bodnar Raftoprisen. Slik merksemd om menneskerettsaktivistar i Polen kan ha svært mykje å seie framover.

Sjølv om valet i Polen var fritt og legitimt, er det grunn til å uroe seg for kvar landet er på veg.

Det beste svaret på denne utviklinga er å styrkje banda mellom Noreg og Polen, sjølv i krevjande tider.

Publisert
Om BTs leder

BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:

«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsens integritet skal være uavkortet så vel utad som innad».