Elefanten er tilbake i rommet

Vestlendingane bør valfarte til det nyopna museet.

FORMIDLING: «Museet er den fremste eksponenten for universitetets demokratiske funksjon. Det handlar om å bevare og spreie kunnskap», meiner Bergens Tidende. Paul S. Amundsen (arkiv)

Dei naturhistoriske samlingane er endeleg tilgjengelege for folk igjen.

Universitetet har gjort ein god jobb i framkant av opninga. Etter seks års stenging er det nødvendig å minne bergensarane om bygget og samlingane igjen.

Les også

Se bildene fra åpningen: – Endelig skal alle få tilgang til denne skatten

Naturhistorisk museum opna nesten 80 år før universitetet vart skipa i Bergen. Det er kanskje byens viktigaste bygg, med Bergens mest prominente plassering.

– For meg er museet minne om regnfulle haust-søndagar, sa statsminister Erna Solberg (H) under opninga. Slike søndagar har det vore mange av i dei åra museet har vore stengt.

Det er eigentleg for mildt å kalle det som har skjedd på Naturhistorisk museum for ei oppussing. Museet har gått gjennom ei total fornying.

Les også

Bli med på innsiden av Naturhistorisk museum

Det var verkeleg nødvendig. Bygningen vart stengt i 2013, etter at Riksrevisjonen sa at bygningen var i så dårleg forfatning av det kunne føre til skade på samlingane.

Det skjedde etter fleire rapportar over mange år avdekte dårlege forhold på museet.

– Vi pakkar ned og planlegg for at løyvingane kjem, sa museumsdirektør Henrik von Achen då.

Først i statsbudsjettet for 2016 kom det pengar.

Les også

Frode Bjerkestrand: «Da vi ble slept dit av foreldre på tidlig 1970-tall, var det alltid med en viss angst i magen»

Museet er den fremste eksponenten for universitetets demokratiske funksjon. Den er å bevare og spreie kunnskap.

I motsetning til på internett, kan du stole på det du finn på museet.

Museet er samfunnets tidskapsel, der me plasserer alt som ettertida må hugse. Det representerer summen av kunnskapen vår som samfunn.

Men det er òg ei samling av det notida bør kjenne til. Plastkvalen har ein større betydning for notida enn for framtida.

Samlingane er ei gåve for alle som vil lære om kloden vår. Nye generasjonar får sjå dyr som ikkje lenger eksisterer.

Men kloden går gjennom store forandringar; det rike dyrelivet står i fare. I mai viste ein rapport frå FNs naturpanel at éin million artar står i fare for å bli utrydda.

Øydelegginga av naturen har aldri gått så fort som no – og det er menneska som står bak.

I ei slik verd blir berre museet, vitskapen og formidling av forsking endå viktigare.