Kring­kastings­sjefen bør vurdere stillinga si

NRK bruker valkampen til å lure veljarane. Alvoret i saka kan knapt overdrivast.

SPREIER LØGN I VALKAMPEN: Kringkastingssjef Thor Gjermund Eriksen må vurdere stillinga si, meiner Bergens Tidende på leiarplass. Terje Pedersen, NTB Scanpix (arkiv)

NRK har ei spesiell rolle i det norske medielandskapet. Som rikskringkastar er dei underlagt staten ved kulturministeren og er finansiert av heile folket.

Dette gjev NRK stort rom for å skape god journalistikk. Kvar einaste dag leverer NRK redaksjonelt innhald av høg klasse.

Men det gjev også landets rikskringkastar eit spesielt ansvar. Eit ansvar NRK no er i ferd med å springe frå.

Onsdag blei det kjent at programmet Folkeopplysningen medvite har forsøkt å manipulere partipreferansane hos elevane ved Lillestrøm vidaregåande skule.

Ved hjelp av meir og mindre sofistikerte metodar har målet vore å teste ut om det er mogeleg å manipulere eit val i Noreg, representert ved skulevalet på Lillestrøm.

I elevgruppa finst det mange som også har røysterett i lokalvalet. Førehandsrøystinga hadde vore open i vekevis då NRK og skulen avslørte jukset.

Å manipulere eit val er alvorleg, same kva hensikta måtte vere. Det er uvesentleg om det er få eller mange som er blitt lurt. Prinsippet er det same: Media skal ikkje forsøke å manipulere valresultatet.

Les også

Jens Kihl: Vi ler ikkje, NRK

Men røysterett eller ei: Det er ikkje rett å leike seg med ungdoms politiske engasjement på denne måten.

Om dette hadde vore eit forskingsprosjekt, hadde det aldri blitt godkjent. Det er etisk uforsvarleg å villeie veljarar midt i ein valkamp.

Og ettersom sjølve eksperimentet er umogeleg å kontrollere, er det totalt verdilaust.

Saka er alvorleg: Opp mot eit lokalval bruker landets rikskringkastar falske nyhende som eit verkemiddel i sitt arbeid. Det er med på å rive tilliten til NRK, men også til all annan journalistikk i Noreg.

Både statsministeren og valministeren har reagert i harde ordelag. Til no har det likevel ikkje vore eit snev av sjølvkritikk frå NRK-leiinga. Dei forstår ikkje alvoret i det dei no driv med.

Den siste tida har NRK gått i bresjen for å gje det norske folk falske nyhende. NRK Satiriks har gjennom prosjektet «Satiriks på ekte» lurt falske saker og intervjuobjekt inn i andre publikasjonar. Også P3 har blanda løgn og journalistikk.

Les også

Morten Myksvoll: NRK må skjerpe seg

Frå NRK-leiinga er dette blitt møtt med eit skuldertrekk. Kvar for seg kan desse sakene ha sett uskuldige ut.

Til saman teiknar dei likevel eit bilete av ein statskanal som viskar ut skiljet mellom løgn og fakta. Og saka med Folkeopplysningen er langt meir alvorleg enn tidlegare episodar.

Presseetiske overtramp har skjedd og vil diverre skje i Noreg. Det skal svært mykje til for at ein redaktør skal måtte gå av på grunn av feil gjort i redaksjonen.

Det er likevel eit skilje mellom feilvurderingar og svakt journalistisk handverk på den eine sida, og medviten manipulasjon av eit val på den andre.

Til Medier24 seier kringkastingssjef Thor Gjermund Eriksen at han ikkje visste om manipulasjonen, men at «eg er ganske sikker på at eg hadde vore stor tilhengar av prosjektet». Kringkastingssjefen stør dermed opp om jukset.

I ei tid der tilliten til media og andre samfunnsinstitusjonar er truga over heile verda, er det utilgjeveleg at NRK igjen og igjen vil lure det norske folk.

NRK er ute av kontroll. Kringkastingssjef Thor Gjermund Eriksen bør vurdere stillinga si.