Vestland må få gå seg til

Det er altfor tidleg å invitere Rogaland inn i varmen.

Publisert Publisert

VENT MED OMKAMP: «Det einaste framlegget til Anne Gine Hestetun (Ap) fører til, er at ein skaper uvisse blant dei tilsette. Dei må bli vane med ei ny organisering, og samanslåinga må få sette seg. Det siste dei tilsette treng akkurat no, er ein omkamp», meiner BT. Foto: Paul S. Amundsen (Arkiv)

  1. Leserne mener

Nye Vestland fylke er ikkje formelt oppretta endå. Det å flytte arbeidsplassar, leiarar og funksjonar rundt i det nye fylket har vore ein krevjande kabal, og skapt mykje bråk i samanslåinga av Hordaland og Sogn og Fjordane.

Likevel vil avtroppande fylkesordførar Anne Gine Hestetun (Ap) starte ei ny samanslåing, som eigentleg vil kaste heile kortstokken opp i lufta igjen.

Idéen til Hestetun er god, for Rogaland bør bli med i eit sterkt vestlandsfylke. Men framlegget er urealistisk, sidan Rogaland er fast bestemt på å stå åleine.

Ei invitasjon til samarbeid og samanslåing no vil neppe endre på det.

Det einaste framlegget fører til, er at ein skaper uvisse blant dei tilsette. Dei må bli vane med ei ny organisering, og samanslåinga må få gå seg til. Det siste dei tilsette treng akkurat no, er ein omkamp.

Lærdomen frå den snart fullbyrda samanslåinga, er at det har gått litt fort i svingane. Det at Sogn og Fjordane plutseleg sat att med kontrollen over eit stort kraftfond, er eit døme på det.

Krangelen enda med at Sogn og Fjordane heller ville gi vekk eigarskapet i kraftselskapet SFE, enn å ta det inn i Vestland fylke.

Ei ny samanslåing vil ikkje bli mindre komplisert enn den fylka held på å avslutte no.

Les også

Podkast: Bergen Frp blei lagt ned. Samtidig kom veljarane: – Stem på ei branntomt, liksom.

Omkampen som Hestetun etterlyser bør likevel kome. Fylkespolitikarane må berre ta tida til hjelp. Når nye Vestland fylke har vore i gang ei stund, kan invitasjonane til Rogaland starte.

Den planlagde utbygginga av både Hordfast og Rogfast gjer at Hordaland og Rogaland vert tettare knytt saman. Det vil vere bra for landsdelen om fylka òg går saman.

Møre og Romsdal bør òg bli med – i det minste Sunnmøre.

Vestlandet kan bli ei sterkare motvekt til Oslo-regionen enn det Vestland, Rogaland og Møre og Romsdal kan vere åleine.

Det trengst. Det er ikkje bra for Noreg om Oslo-regionen berre eser ut og vert sterkare og sterkare.

Men først må samanslåinga av nye Vestland få setje seg.

Publisert
Om BTs leder

BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:

«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsens integritet skal være uavkortet så vel utad som innad».