Klimaet fortener større plass i Høgre

Erna Solbergs parti vil tene på ein meir open debatt om framtida for olja.

Publisert Publisert

SKEPTISK: Olje- og energiminister Tina Bru (H) har gjort det klart at å stoppe konsekvensutgreiing og oljeborging i Lofoten, Vesterålen og Senja ikkje er Høgres politikk. Foto: Terje Pedersen

  1. Leserne mener

Oslo Høgres vedtak om å verne Lofoten, Vesterålen og Senja mot oljeboring har blitt sterkt kritisert i eige parti.

No kjem debatten også til Vestland Høgre, der eit likelydande forslag vil bli fremja på årsmøtet denne helga.

Tre representantar frå Bergen Høgre står bak, og føreslår å avslutte norsk oljeverksemd innan 30 år. Partilaget bør ta både utspelet og debatten på alvor.

Les også

Høyre-forslag: – Tiden er ute for olje i sårbare områder

Forslaget vil utan tvil møte motbør. Allereie før det blei fremja, vart ideen avfeia av fylkestopp Silje Ekeland Bjørkly. Ho har kalla vedtaket frå Oslo Høgre «uklokt og skuffande».

Også i fjor kom Høgres toppolitikarar i vest med sterk kritikk mot Arbeidarpartiet i Bergen for å foreslå vern av Lofoten, Vesterålen og Senja.

Olje- og energiminister Tina Bru (H) har gjort det klart at å stoppe konsekvensutgreiing og oljeboring i Lofoten, Vesterålen og Senja ikkje er Høgres politikk.

Å vere så kategorisk kan verke lite konstruktivt, spesielt no når regjeringa sjølv legg fram nye og ambisiøse mål for klimakutt i Noreg.

Høgre står støtt på linja om at framleis oljeutvinning skal legge grunnlaget for norsk økonomi og velferdssamfunn i åra som kjem.

Høgre bør vere ein garantist for tryggleik og stabilitet i norsk økonomi. Men partiet kunne tent på å ha ein opnare debatt om norsk oljeframtid.

Å satse alt på ein framleis stor gevinst frå oljesektoren, er ikkje berre problematisk i eit klimaperspektiv. Det kan også vere eit prosjekt med økonomisk risiko.

Utsiktene til store inntekter frå oljeeksport blir meir usikre når fleire land reduserer sin bruk av fossil energi.

Dersom denne utviklinga akselererer, vil prisane falle. Då treng Noreg andre alternativ å lene seg på.

Høgre må difor ikkje male seg inn i eit hjørne, der det er umogeleg å snakke om nedtrapping av oljeverksemd og overgang til annan industri.

Les også

Tina Bru: – Vi kan ikke fortsette som før

Å seie ja til å verne Lofoten, Vesterålen og Senja, er heller ikkje det same som å vende ryggen til norske oljearbeidarar og seie nei til ein framtidig stabil norsk velferdsstat.

Det er tunge argument for både naturvern, turisme og fiskeri som tilseier at ein heller bør drive oljeverksemd i andre område. Også Høgre bør anerkjenne at dette området er ekstra sårbart og har unike kvalitetar som må vernast om.

Røyster i Høgre som tek til orde for ein debatt om norsk oljeverksemd bør ikkje bli latterleggjort og avfeia.

Den diskusjonen må partiet våge å ta.

Publisert
Om BTs leder

BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:

«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsens integritet skal være uavkortet så vel utad som innad».