EUs uklare flyktningkompromiss

Trass mange problem kan EUs nye migrasjonsforlik vere eit steg i rett retning.

MIDDELHAVET: Sjølv om talet på flyktningar og andre migrantar som kjem til Europa har gått kraftig ned sidan 2015, treng EU eit betre system for å handtere dei som kjem, skriv BT på leiarplass. Santi Palacios / TT NYHETSBYRÅN

Straumen av flyktningar og andre migrantar over Middelhavet har skapt store politiske spenningar i mange EU-land, og mellom landa. Før helga kom dei 28 stats- og regjeringssjefane i EU fram til ein avtale som alle kunne skrive under på. Prisen er at både avtalen og konsekvensane er uklare.

EU er samd om at flyktningar og andre migrantar som kjem til EU skal plasserast i eigne «kontrollsenter». Der skal flyktningar med rett på asyl skiljast frå grunnlause søkjarar. Sistnemnde skal sendast heim, medan asylantane skal fordelast i ulike EU-land.

Både opprettinga av senter og mottakinga av asylantar skal vere friviljug. Austerrike og dei austeuropeiske medlemslanda har allereie sagt nei.

Les også

Italia ba redningsskip holde seg unna forlis i Middelhavet

I tillegg opnar avtalen for å opprette flyktningleirar i Nord-Afrika, der EU kan sende flyktningar som blir redda i Middelhavet. Det ligg i korta at flyktningane så kan søkje om asyl frå leirane. Fleire EU-toppar, inkludert Tysklands forbundskanslar, Angela Merkel, vil ha ei slik løysing.

Det er viktig at EU får til ei meir rettvis fordeling av flyktningane. Kvotesystemet, der førstelanda skulle fordele flyktningane til andre EU-land, har ikkje fungert.

Den store og overraskande flyktningstraumen i 2015 har endra europeisk politikk. Sidan den gong har EU fått kontroll på grensene. Etter toppen i oktober 2015 har talet på illegale grensekryssingar gått ned med 95 prosent, ifølgje EU sjølv.

Den austlege ruta er langt på veg stengt gjennom ein avtale med Tyrkia. Talet på flyktningar over Middelhavet har òg gått kraftig ned. Likevel er det viktig at EU riggar seg til å handtere ein eventuell ny 2015-situasjon.

Utfordringa er å gjere det utan at ein samstundes undergrev elementære menneskerettar og asylretten. Det er viktig at ein maktar å ta vare på dei som har krav på vern, samstundes som ein stoppar dei grunnlause.

Innvandring er no den viktigaste politiske saka i svært mange europeiske land, Noreg inkludert. I fleire land skaper innvandring problem som landa, og EU, må handtere. I tillegg blir innvandring brukt til å dra merksemda vekk frå andre problem, som økonomien i Italia.

Innvandring er like fullt ein politisk realitet. Difor er det viktig at EU lykkast i å få til ein kontrollert og human politikk på området.

Lederen
BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:
«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsensintegritet skal være uavkortet så vel utad som innad».