Staten må framleis bli sett i korta

Sivilombodsmannens innsyn i dokument frå regjeringa må ikkje bli innskrenka.

ØNSKJER ENDRINGAR: Framlegget frå justisminister Tor Mikkel Wara (Frp) til endringar i sivilombudsmannsloven bør ikkje få fleirtal. Foto: NTB Scanpix

Publisert:

Folket skal vere trygge på at nokon held makta i øyra. No har Justis- og beredskapsdepartementet sendt på høyring ei lang liste over dokumenttypar Sivilombodsmannen i framtida ikkje skal få innsyn i. Departementet skriv at «forslagene vil i liten grad endre gjeldande rett». Dette stemmer ikkje, meiner Sivilombodsmannen sjølv.

Sivilombodsmannen er ein institusjon som passar på sivilsamfunnets rettar i møte med styresmaktene. Han kjem med tilrådingar i saker som gjeld vedtak i kommunestyre, fylkesting, Stortinget eller i departementa, men også om private tvistar, domar frå domstolane eller konklusjonar frå Riksrevisjonen. Ombodet er viktig for rettstryggleiken og har tent Noreg godt i over seksti år.

Les også

Høyre vil ha rødgrønne statsråder til lukket høring om terrorsikring

I praksis vil svært mange typar regjeringsdokument no kunne bli automatisk hemmelegstempla: Protokollar, saklister, referat, notat og vedlegg vil i framtida kunne vere hemmelege for Sivilombodsmannen – om høyringsframlegget blir norsk lov. Sjølv om dei såkalla regjeringsnotata er hemmelegstempla alt i dag, er faren for utgliding stor.

Om du som statsråd har eit dokument du ikkje vil at Sivilombodsmannen skal få sjå, kan du leggje det som vedlegg til eit av dei vekevise møta i regjeringa, og dermed er saka avgjort: Departementet treng ikkje ein gong grunngje kvifor ombodet ikkje kan få sjå dokumentet.

Regjeringa meiner dei berre lovfestar dagens praksis. Dette området er stadig gjenstand for strid. Det kan vere gode grunnar til å gjere det tydeleg kva dokument Sivilombodsmannen skal få sjå, men prosessen bør ikkje ende med innstramming.

Les også

Dårleg idé, Trine Skei Grande

Sivilombodsmannen lek ikkje hemmelegstempla dokument. Tvert om – han har teieplikt «herfra til månen», som tidlegare ombodsmann Arne Fliflet sa for nokre år sidan. Derimot skjer det motsette: Denne regjeringa har ein ugrei praksis med å halde unna meir informasjon enn naudsynt frå kontrollorgana, anten det er Riksrevisjonen eller Stortinget, slik vi til dømes har sett i saka om objektsikring. Denne utviklinga er ikkje ny, og dei raudgrøne partia går heller ikkje fri. Men dagens regjering burde stå på borgaranes side i møte med ein stadig veksande stat.

Dagens sivilombodsmann Aage Thor Falkanger seier til Dagbladet at innskrenkinga vil vere eit inngrep i retten til å få alle naudsynte dokument tilgjengeleg.

Makta må tole å bli sett i korta. Framlegget til endringar i sivilombudsmannsloven bør ikkje få fleirtal.

Lederen
BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:
«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsensintegritet skal være uavkortet så vel utad som innad».