Oljeoppgang må ikkje bli sovepute

Store investeringar i oljesektoren vil gje nye år med økonomisk oppgang i Noreg. Det har ei bakside.

GIGANTEN: Investeringane i Nordsjøen, spesielt her på Johan Sverdrup-feltet, vil gje oppgang i norsk økonomi dei komande åra. Det er bra, men fjernar ikkje behovet for omstilling, skriv BT på leiarplass. Foto: Scanpix

Publisert:

Sidan eit kraftig fall i oljeprisen skapte krisestemning i 2015 har diskusjonen gått høgt om kva vi skal leve av «etter oljen». Nye prognosar frå SSB tyder på at svaret er olje.

SSB spår at vi går inn i ein høgkonjunktur som vil vare ut 2021. Den viktigaste årsaka til den nye oppgangsperioden er at investeringane i oljesektoren aukar. Anslaga for investeringar er kraftig oppjustert sidan den førre prognosen i juni.

Investeringane vil i stor grad gå til kjempefeltet Johan Sverdrup. Men forventningane om stabilt høg oljepris dei komande åra gjer at òg investeringar på andre, mindre felt er venta å auke. Oljebransjen har vore dyktige til å kutte kostnader dei siste åra, og har no difor kapital til å investere.

Dette er gode nyhende for Noreg. Oljesektoren er ikkje noko å vere skjemd over. Landet treng inntekter og arbeidsplassar.

Les også

BT-leiar frå 2016 om oljen i LoVeSe: La den ligge

Likevel har veksten ei bakside: Auka etterspurnad frå oljesektoren vil gjere at mange bedrifter og lokalsamfunn kan utsetje omstillinga til å produsere for andre sektorar. SSB reknar med at oljeinvesteringane vil nå toppen i 2020. Etter det vil investeringane gå nedover, viss ikkje det blir oppdaga nye, store oljefelt.

Bransjen sjølv meiner det er eit argument for å opne det mykje omtalte havområdet utanfor Lofoten, Vesterålen og Senja (LoVeSe) for oljeboring. Det er ein dårleg idé både av omsyn til klima, fiskeri og turisme, og til nasjonens økonomiske framtid.

Sjølv om verda vil trenge olje og gass i tiår framover, er det ein risiko for at lønsemda i bransjen kan bli kraftig redusert i løpet av 2020-åra. Klimaendringane vil kunne presse fram meir kraftfulle politiske verkemiddel. Samstundes fell fornybar energi raskt i pris, og vil kunne utkonkurrere fossilt brensel.

Det er viktig at Noreg er budd på ei slik framtid. Så sjølv om ein skal gle seg over inntektene oljenæringa gjev landet, er det viktig at omstillinga av industri og anna næringsliv held fram. Viss ikkje kan åra etter den varsla høgkonjunkturen bli unødvendig harde.