Elbilar må løne seg

Elektriske luksusbilar kan tole avgifter, så lenge avgiftene òg aukar for fossilbilar.

«TESLA-AVGIFT»: KrF vil auke avgiftene på både tunge elbilar og fossilbilar i sitt alternative statsbudsjett, som Kjell Ingolf Ropstad og Knut Arild Hareide la fram torsdag. Det er ikkje nødvendigvis ein dårleg idé, skriv BT på leiarplass. Butt, Mariam / NTB Scanpix

Innføringa av eingongsavgift på tunge elbilar var eit svakt grep i regjeringas forslag til statsbudsjett. Det braut òg med regjeringas avtale med mellompartia, som seier at eingongsavgiftene for elbilar ikkje skal endrast før i 2020.

KrF har i sitt alternative statsbudsjett kome med ei original løysing: Dei aksepterer den såkalla «Tesla-avgifta», mot at avgiftene for fossildrivne bilar blir auka minst like mykje. KrF si løysing ber preg av at dei vil hente inn pengar til sitt alternative budsjettet. Får partiet fullt gjennomslag vil bilavgiftene auke med over to milliardar kroner.

Forslaget er likevel ikkje dårleg. Dei dyraste og tyngste elbilane kan tole avgifter, så lenge avstanden opp til fossile bilar ikkje blir redusert. For det har faktisk skjedd under denne regjeringa: bilavgiftene har samla sett blitt redusert med ni milliardar kroner dei siste fire åra, og mesteparten har gått til bilar med forbrenningsmotor.

Det største problemet med «Tesla-avgifta» er at den ikkje berre vil råke den populære luksus-elbilen. Avgifta er ei vektavgift, og Tesla blir råka fordi bilen er tung. Utfordringa er at avgifta òg vil råke dei mange elektriske familiebilane som er venta i åra framover. Dessutan kan den råke elektriske varebilar, som òg vil kome.

Regjeringas «Tesla-avgift» luktar av taktikkeri. Den var eit av fleire forslag i statsbudsjettet som er mynta på å gje mellompartia sigrar, ved at dei kan snu forslaga i budsjettforhandlingane. Regjeringas andre støtteparti, Venstre, har enno ikkje lagt fram sitt alternative budsjett. Dei vil venteleg gå mot heile «Tesla-avgifta».

I så fall mister KrF 2,4 milliardar kroner på inntektssida i sitt alternativ. Spørsmålet er kva av dei mange utgiftspostane dei i så fall vil ofre. For sjølv om KrFs budsjett på papiret gjev to milliardar kroner mindre i oljepengebruk, er det grunn til å stille spørsmål med fleire av inndekningane. Til dømes blir ein halv milliard meir til heimevernet og hæren dekt inn som generelle kutt i bygg og materiell i forsvaret, utan at det er klårt om inngåtte kontraktar osv. gjer dette mogeleg.

KrF viser likevel ei god haldning til budsjettdisiplin. Så får vi vone at både den og støtta til elbilar overlever haustens forhandlingar.

Lederen
BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:
«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsensintegritet skal være uavkortet så vel utad som innad».