Ei ordning sjølv born ser er feil

Industriarbeidarar treng barnehageplass like mykje som akademikarar gjer det.

Publisert Publisert

OPPGITT: Kinn-ordførar Ola Teigen (Ap) meiner distriktskommunar blir straffa urettvist, når utdanningsnivå blir lagt til grunn for tildeling av barnehagemidlar. Det har han heilt rett i, skriv BT på leiarplass. Foto: Rune Sævig

Kommunar med lågt utdanningsnivå får mindre pengar til barnehagar enn kommunar der utdanningsnivået er høgt. Tysdag kunne BT fortelje at Kinn «taper» 4,5 millionar kroner i året, trass i at dei har høgare barnehagedekning enn snittet.

Systemet er openbert urimeleg. Industriarbeidarar treng barnehageplassar like mykje som akademikarar, noko dømet frå Kinn viser.

Fleire kommunar har klaga i årevis på ordninga. Kommunanes interesseorganisasjon KS har òg prøvd å få fjerna utdanningskriteriet, utan å lykkast.

Les også

Kommune på sparetiltak brukte to millioner på vin, middag og overnatting

Staten må ta omsyn til dei reelle utgiftene kommunane har, når dei legg rammene for overføringar.

Men det verkar uforståeleg at utdanning blir brukt som kriterium for bruken av barnehagar, når dekningsgraden gjev eit langt betre bilete på akkurat det.

Slik systemet er i dag, diskriminerer det distriktskommunar, der snittutdanninga er lågare. Medan kommunar som Kinn blir trekte i overføringar, blir bykommunar løna.

Kinn-ordførar Ola Teigen (Ap) viser til Oslo, som trass lågare barnehagedekning enn Kinn får tilført 344,4 millionar kroner ekstra, fordi utdanningsnivået i snitt er høgt.

For regjeringa burde det vere ein tankekross at dei seinast på perspektivkonferansen i førre veke fekk presentert forsking som viser kor viktig barnehagar er for sosial utjamning.

Ifølgje professor Mari Rege vil god, leikbasert læring i barnehagen vere det viktigaste tiltaket for å hindre at born ramlar av seinare i skuleløpet.

Gode barnehagar er difor spesielt viktige for born av foreldre med låg utdanning.

I så måte burde kommunar med lågt utdanningsnivå heller bli støtta enn straffa, som i dag.

Kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup (H) bør no gripe denne saka med båe hender, og sørgje for ei endring.

Departementets andre statsråd, distriktsminister Linda Hofstad Helleland (H), bør applaudere tiltaket.

For ei regjering som leitar etter godbitar til distrikta er dette ei lågthengande frukt.

Publisert
Om BTs leder

BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:

«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsens integritet skal være uavkortet så vel utad som innad».