Mobilen må vere Kina-fri sone

Norske mobilnett kan ikkje ha Kina som grunnmur.

Publisert Publisert

RASKARE NETT: Bygginga av 5G-nett i Noreg bør ikkje primært handle om teknologi. Vurderinga bør vere sikkerheitspolitisk, meiner Bergens Tidende. Foto: Chinatopix/NTB scanpix (Arkiv)

  1. Leserne mener

Huawei åtvarar Noreg mot politisk press – frå USA. Det kinesiske selskapet er uroa over at dei ikkje får vere med på å bygge ut 5G-nettet i Noreg.

Nyleg tapte dei konkurransen for å bidra til Telias norske nett. Svenske Ericsson vann.

Den norske staten burde hindre Huawei å delta i utbygginga. Så lenge det ikkje skjer, er det bra at selskapa seier nei.

Utspelet til Huaweis grunnleggar Ren Zhengfei handlar om tapte anbod. Zhengfei viser til at USA anbefaler land om ikkje å bruke Huawei til kritisk infrastruktur.

Til NRK seier Zhengfei at ein ikkje bør kjøpe varer og tenester basert på politiske faktorar.

Når det gjeld mobilnett, er det akkurat det Noreg bør gjere.

Selskapet er blitt hardt råka av handelskrigen mellom USA og Kina, men det bør ikkje vere handelspolitiske vurderingar som ligg til grunn for valet av leverandør.

Det bør heller ikkje primært handle om teknologi. Der er Huawei verdsleiande.

Vurderinga bør vere sikkerheitspolitisk.

Der kjem Huawei dårleg ut. Selskapet er nemleg tett knytt til den kinesiske staten. Politiets sikkerhetstjeneste (PST) åtvarar mot at Kina er blant dei som vil utføre digitale angrep for å få tilgang på kritisk infrastruktur.

Mobilnettet er blant det mest kritiske i Noreg. Huawei har tidlegare tilbode ein «ikkje-spionavtale», der selskapet forpliktar seg til ikkje å spionere på Noreg gjennom 5G-nettet.

Ein slik garanti er neppe verd mobilen det er skriven på.

Femte generasjons mobilnett vil gjere det såkalla tingas internett til ein endå større realitet. Talet på dingsar som er knytt til nett stig kraftig, og 5G aukar potensialet til desse einingane.

Det betyr at stadig meir data vert samla inn, og stadig meir av livet til folk vert styrt over internett.

Mobilnettet blir berre viktigare og viktigare. Dersom framande makter får tilgang, kan det gjere stor skade.

Publisert
Om BTs leder

BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:

«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsens integritet skal være uavkortet så vel utad som innad».