Sjukehusa må få hjelp

Sjølv i ein vanskeleg situasjon, må næringslivet stille opp for helsevesenet.

Publisert Publisert

Sjukehusa ber næringslivet om smittevernutstyr. Her er Lege Torleif Kvalvik på smittevernavdelingen på Haukeland universitetssjukehus. Foto: Marita Aarekol (Arkiv)

iconDenne artikkelen er 19 dager gammel

Informasjonen i artikkelen kan være utdatert. Gå til vårt livesenter for siste nytt om korona-utbruddet.

-> Gå til livesenteret

Store deler av næringslivet er med rette uroa for korleis dei skal klare seg framover.

Krisetiltaka som er sette i verk vil nemleg føre til redusert aktivitet i mange bedrifter.

Men det gjer det òg lettare for dei bedriftene som kan stille opp for helsevesenet, å gjere nettopp det.

Les også

Ny podkast: Hva gjør koronaviruset så spesielt?

Fredag oppmoda Helse Vest bedrifter som har smittevernutstyr om å levere dette frå seg.

Det gjeld utstyr som vernebriller, hanskar, munnbind, visir, frakkar med meir. Tilgangen på dette er naturlegvis råka av produksjonsfall i Kina.

Allereie same dag kom dei første donasjonane: Riggselskapet COSL gav 8000 ansiktsmasker til sjukehuset i Stavanger.

Samfunnet skal sjølvsagt stille opp for næringslivet òg. Når samfunnet skal opnast opp igjen, er det viktig at folk har arbeidsplassar å gå til.

Regjeringa annonserte difor ei rekke tiltak fredag for å møte den økonomiske sida av krisa.

Medan me er i den akutte fasen, er det viktig at dei bedriftene som har noko å bidra med, gjer det.

Les også

Slik reduseres tilbudene for rusavhengige og psykisk syke. – Det er med klump i magen.

Dette er ein naturleg del av den dugnaden som heile samfunnet må vere med på, for å takle krisa koronaviruset fører til.

Alle tener på at helsevesenet har nok av det utstyret som trengst, og at sjukehusa kan operere på maksimal kapasitet.

Oppmodinga frå Helse Vest er ei påminning om kor viktig det er med god beredskap. Samarbeid med private bedrifter er viktig, slik sjukehusa spør om no.

Men sjukehusa bør òg ha god kapasitet til gjenbruk av materiell, slik at dei ikkje går tom.

Som eit av få sjukehus i Noreg, har Haukeland universitetssjukehus eit eige vaskeri. Det leverer òg tenester til Haraldsplass Diakonale Sykehus.

I 2018 gjekk 56 tonn skittentøy gjennom vaskeriet kvar veke.

Noreg er i praksis stengt ned, og det er uvisst når livet kan bli normalt igjen.

Det er ei krevjande tid for alle borgarane i landet, men ekstra krevjande er det for dei som skal beskytte samfunnet mot smitte.

Helsepersonell står i første linje og utset seg sjølve for smitte for å hjelpe andre. Det er eit arbeid heile samfunnet må støtte oppunder no.

Desse kvardagsheltane er òg heltar i krisa.

Publisert
Om BTs leder

BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:

«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsens integritet skal være uavkortet så vel utad som innad».