Ein bra byplan

Bergen er på veg vekk frå den bilbaserte byutviklinga. Det er på høg tid.

Publisert:

GODE GREP: Fleire grep som byråd Anna Elisa Tryti (Ap) gjer i Kommuneplanens Arealdel (KPA) er gode for bykjerna, meiner BT. Foto: Fred Ivar Utsi Klemetsen

Bergen sentrum kjem ganske godt ut av Ap, Venstre og KrFs framlegg til ny Kommuneplanens Arealdel (KPA).

KPA er det øvste plannivået i kommunen, og legg viktige føringar for korleis Bergen kan utvikle seg i åra som kjem.

Framlegget til KPA tar byutviklinga i rett retning – vekk frå den bilbaserte byutviklinga frå fortida.

Formålet med planen er å leggje opp til at det er bustadar til å dekkje folketalsauken. Byrådet legg til grunn at det er behov for 800–1000 bustadar per år framover.

Sjølv om byutviklingsbyråd Anna Elisa Tryti (Ap) varsla at det snart kjem nye og lågare prognoser for auke i folketalet, er det behov for fortetting.

Områda rundt Bybanen må utnyttast, slik at flest mogeleg kan klare seg med minst mogeleg bilbruk i kvardagen.

Regelen om maksimal byggjehøgde er fjerna. Det betyr likevel ikkje at det er fritt fram for å byggje høgt i Bergen.

Det skal framleis mykje til for å få byggje skyskraparar i Bergen, som til dømes Røkketårnet.

Nye høghus må blant anna ta omsyn til lokale særpreg, siktliner og byrom.

Men den store fordelen med å ta denne regelen ut av KPA, er at avgjerda blir tatt i den enkelte reguleringsplan. Det gjer byutviklinga i Bergen meir fleksibel.

Høghus vil opne opp for betre arkitektur. Den låge maksimalgrensa fører til at bygg vert breiare. Det kan få større konsekvensar for sikt enn byggjehøgde.

Dersom det vert bygd høgare i sentrum, kan det òg bli betre plass på gata til leik og aktivitet.

Byrådets framlegg til KPA løyser òg opp i krava til privat uteopphaldsareal i sentrum. Det skal no bli lettare å byggje attraktive bustadar i sentrum, der det er tett mellom parkane.

Den gjeldande planen hadde like krav til uteareal i alle bydelar.

Eit av dei mest kontroversielle grepa byrådet tar, er å fjerne 22 mogelege byggjeområde frå planen. Om lag 7000 dekar som kunne blitt byggjeland, vert no ført tilbake som friområde.

Det er eit viktig grep for å hindre byspreiing. Bergen slepp ut mykje meir klimagassar enn Oslo per innbyggjar. Noko av forklaringa er at Bergen er så spreidd at trafikken blir høg.

Faren er at desse prosjekta vert realiserte i dei raskt veksande nabokommunane til Bergen, og at trafikken aukar.

Difor er det positivt at byrådet vil gjere det lettare å byggje sentralt i byen. Då er det viktig at sentralt plasserte bustader vert attraktive for barnefamiliar òg, slik at sentrum passar for fleire enn i dag.

Publisert:
Om BTs leder

BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:

«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsens integritet skal være uavkortet så vel utad som innad».