Ein betre språkpolitikk

Dersom norsk ikkje skal tape mot engelsk i Noreg, trengst det fleire tiltak enn i dag.

HAR ANSVAR: Skal norsk framleis vere eit samfunnsberande språk på alle område, kan ikkje akademia slutte å bruke det, meiner BT på leiarplass. Knut Strand (arkiv)

Regjeringa har starta arbeidet med ein ny språkpolitikk. Etter planen får Stortinget ei stortingsmelding og ei ny språklov til handsaming våren 2020.

Det er bra at regjeringa prioriterer arbeidet med ein oppdatert språkpolitikk. Det er ti år sidan stortingsmeldinga «Mål og meining» blei handsama i Stortinget.

På denne tida er det etter alt å døme blitt meir engelsk i akademia og næringslivet. Mediebruken har endra seg kraftig og utanlandske leverandørar har fått meir makt.

Og ikkje minst: Heile samfunnet, inkludert barnehagen, skulen og offentleg sektor, er langt meir gjennomdigitalisert enn for berre eit tiår sidan.

Les også

Debatt: Dette er ei oppskrift på dårleg språkpolitikk

Det blir svært viktig å sikre eit betre system for å balansere mellom norsk og engelsk i akademia. I dag manglar det ikkje på gode intensjonar. Likevel ser vi at det er mange område der det knapt blir publisert forsking på norsk.

Det gjer at desse fagfelta fjernar seg frå nordmenn flest. Det er eit demokratisk problem. På same måte fører engelskbruken i næringslivet til eit språkleg klasseskilje der dei som er mindre gode i engelsk fell frå.

I akademia er parallellspråkbruk ein del av løysinga. Her bør regjeringa sjå til arbeidet som er gjort ved NHH, som er best på dette i Noreg.

Norske elevar må framleis få ei fullgod opplæring i både bokmål og nynorsk. Arbeidet med ny læreplan i norsk gjer det naudsynt å minne om at dette er ein grunnstolpe i den norske språkpolitikken.

Les også

Bus4Train?

Ei ny lov bør forsterke rolla til Språkrådet, som er statens fagorgan for språkspørsmål. Dei siste åra har det kome ei lang rekke døme på at etatar, departement og selskap under staten har overkøyrt dei faglege råda herfrå.

Det er også viktig å sjå ein ny språkpolitikk i samband med mediepolitikken. Sterke, redaktørstyrte medium er viktig for både norsk som heilskap og for bokmål og nynorsk kvar for seg.

Ei storsatsing på språkteknologi tilpassa Noreg er det noko av det viktigaste regjeringa kan peike på. Det norske språket er for lite til at marknaden kan løyse dette åleine.

Ein velfungerande språkpolitikk sikrar balanse mellom norsk og engelsk, mellom bokmål og nynorsk og mellom norsk og ulike mindre brukte språk.

Regjeringa legg til grunn at vi også i framtida skal «kunne bruke norsk språk på alle samfunnsområde – i alle samanhengar».

Sannsynlegvis er det ikkje mogeleg å få til dette utan sterkare tiltak enn i dag.

Lederen
BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:
«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsensintegritet skal være uavkortet så vel utad som innad».