For 3- 4 år sidan byrja økonomar, politikarar og andre forståsegpåarar å bli urolege for det som fekk nemninga «todelinga» av norsk økonomi: Høg oljepris gjorde at oljesektoren drog til seg arbeidskraft og pressa lønningane opp. Lønsveksten smitta over på andre næringar, utan at dei hadde same betalingsevne.

Når oljeprisen dei siste månadene har gått kraftig ned, ein nedgang som truleg kjem til å vare ei stund, har det ført til ein skikkeleg blåmåndag i oljebransjen. Mange har allereie mista jobben, og fleire vil gjere det i året som kjem. Dette vil naturlegvis råke oss her i vest spesielt hardt, fordi det er her mykje av oljeindustrien er.

For dei som mistar jobbane, eller som fryktar at dei kan gjere det, vil ikkje 2015 verke særleg forlokkande. Men oljeprisfallet representerer òg ei mogelegheit for nye, spanande arbeidsplassar. Dei som no forsvinn frå oljenæringa er høgkompetent arbeidskraft, som vil kunne bidra til å utvikle andre næringar og skape nye arbeidsplassar.

Både i det offentlege og i næringslivet er ein til dømes no godt nøgde med endeleg å kunne få fatt i ingeniørar igjen. Mange som forlèt oljesektoren må rett nok akseptere å gå ned i løn, men sjølv om det kan vere smertefullt å tilpasse seg for den einskilde, er det ei lykkeleg utvikling for landet. Etter ti år med langt høgare reallønsutvikling enn dei landa vi konkurrerer med, er det bra for Norge at lønspresset går ned.

Oljeprisfallet har ført til at krona har svekkja seg. For den einskilde vil det gje dyrare importvarer og utanlandsferiar. Men for landet er det godt nytt, fordi det gjer norske eksportvarer billigare i utlandet. Dermed kan norsk eksportindustri og reiseliv få ein dobbel bonus, med høgare eksport/fleire turistar og lågare lønsvekst.

Internasjonalt vil òg lågare oljepris kunne føre til økonomisk oppgang, fordi pengar brukt på bensin og olje no kan brukast på andre ting. I USA er allereie oppgangen eit faktum, medan utsiktene for Europa er meir usikre. Det skumlaste ved oljeprisfallet er faren for destabilisering i, og desperate handlingar frå Vladimir Putins Russland.

For den norske regjeringa opnar oljeprisfallet for større politisk handlingsrom til å prioritere opp tiltak som kan sikre økonomisk vekst og arbeidsplassar i framtida. Det gjeld ikkje minst utdanning, forsking og infrastruktur, som alle er kjernesaker for regjeringa. Til og med skattelette for næringslivet bør det bli lettare å få folk (og støtteparti) med på i 2015.

Mykje kan skje i 2015, som vi ikkje veit i dag. Men skulle tilbakeslaget i norsk økonomi bli verre enn det ser ut til no, har vi ein styrtrik stat som kan dempe fallet.