På tide å offentleggjere helsevesenet
Stortinget bør tvinge regjeringa til å offentleggjere prisen på legemiddel.


Norske helsestyresmakter kjøper inn medisinar for fleire milliardar kroner kvart år. I 2015 opna helseminister Bent Høie (H) for at innkjøpsprisen skulle vere hemmeleg.
Det er ein praksis som må ta slutt. Eit offentleg helsevesen må vere basert på offentlegheit, og norske skattebetalarar har rett på å vite kva medisinane kostar. Verken budsjettkonsekvensar eller prioritering lar seg diskutere dersom prisane er hemmelege.
Det er spesielt viktig for pasientar som får nei til behandling.
Offentlegheit er nødvendig for å vite at norske styresmakter ikkje betalar meir for medisinen enn andre land. Dersom alle land heldt innkjøpsprisane hemmelege, vert det umogeleg å samanlikne prisane.
En helt ny måte å bekjempe kreft på
Gjennom ei rekkje saker har BT avslørt både praksisen med hemmeleghald, men òg fleire av konsekvensane.
Tidlegare i år skreiv BT om tarmmedisinen Avastin, som kunne brukast for å behandle den alvorlege augesjukdomen AMD. Prisen var langt lågare enn augemedisinen Lucentis.
Det er i dag hemmeleg kva sjukehusa betaler for Lucentis.
Hemmeleghald gjer det langt vanskelegare å finne gode og trygge alternativ til svært dyre medisinar, eller til å avsløre overprising. Fordi offentlegheita ikkje veit kva medisinane kostar.
Eksplosjonsartet vekst for superdyre medisiner
Hemmelige medisinpriser kan være lovstridig
Regjeringa har gong på gong forsvart praksisen med hemmeleghald. Høie meiner at hemmelege prisar er ein føresetnad for å få rabattar.
Den effekten er framleis ikkje dokumentert.
Norske styresmakter er heilt avhengig av eit godt samarbeid med legemiddelindustrien. Men det er problematisk om staten lar seg diktere.
Vil offentliggjøre medisinpriser
I går fremja Arbeidarpartiet og Senterpartiet kvart sitt forslag i Stortinget som krev offentleggjering av innkjøpsprisane. SV har signalisert at dei vil støtte forslaga.
KrF sit då med nøkkelen for å sikre fleirtal for forslaget. Når regjeringa ikkje sjølv ønskjer å rydde opp i denne praksisen, må Stortinget tvinge regjeringa.
Høie kan ha rett i at det i enkelte tilfelle kan vere rett å halde prisane hemmelege. Men det gir ikkje regjeringa rett i å innføre hemmeleghald som hovudregel. Prisane skal i prinsippet vere offentlege.
Mest lest akkurat nå
Braste gjennom gjerdet og kjørte utfor kanten
Dette synet skal ha møtt MC-føreren før dødsulykken
Pingan (10) redda av brannvesenet. – Dei gav aldri opp.
– Hånden på hjertet, jeg fokuserer bare på Brann
Då eksen ville ha ho tilbake, gjekk eit lys opp for Gunhild
I natt: Bråk, fyll og slåssing i «hele fylket»