Stopp milliarddrysset til reiarane

Når staten sparar pengar på at Color Line vil erstatte 700 norske sjøfolk, er det på tide å fjerne nettolønsordninga.

Publisert Publisert

DYR ORDNING: Staten bruker to milliardar kroner årleg på å halde norske sjøfolk i jobb, gjennom nettolønsordninga. Foto: Halvard Alvik / NTB Scanpix

  1. Leserne mener
iconDenne artikkelen er over ett år gammel

Som einaste reiarlag i Norden, siglar Color Line i fast passasjertrafikk under norsk flagg i det såkalla Nor-registeret. Der er det krav om norsk tariffløn. Konkurrentane er anten utanlandske reiarlag, eller så har dei flagga ut.

No ønskjer Color Line at dei to Kiel-ferjene deira byter til det andre norske skipsregisteret, Nis. Der er det ikkje krav om norsk tariffløn, og 700 norske tilsette kan bli erstatta.

Det har skapt splid, og regjeringa vert kraftig kritisert for å tillate dette.

Les også

Vi må ha norske sjøfolk

Høgre-, Frp- og Venstre-regjeringa gjer rett i å opne opp for Color Line i Nis-registeret av to grunnar. Viss Color Line framleis må vere i Nor-registeret, trugar dei med å flagge ut heile selskapet. Då forsvinn 2300 arbeidsplassar.

Men den viktigaste grunnen er at staten sparar store pengar på det. Staten bruker to milliardar kroner årleg på å halde norske sjøfolk i jobb, gjennom nettolønsordninga.

Viss Color Line får sigle i Nis-registeret, som ikkje tillèt skip som siglar i fast passasjertrafikk mellom Noreg og utlandet, vil nettolønsordninga bli litt billegare.

Difor omtalar næringsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) forskriftsendringa som eit «sparetiltak».

Det viser kor unik den norske sjøfartsbransjen er, sidan staten faktisk sparar pengar på at færre er i arbeid i kommersiell verksemd. Det illustrerer problemet med nettolønsordninga, som bør avskaffast.

Frp ønskjer å utvide nettolønsordninga, medan Venstre vil fjerne den. Kompromisset ser ut til å vere at ordninga vert utvida, men at færre sjøfolk tar del i den.

Les også

- Sjøfolkene skapte den norske velstanden

Eitt av argumenta for nettolønsordninga, er at den sikrar norske sjøfolk og norsk rekruttering til bransjen. Noreg er ein stor og gammal sjøfartsnasjon, og det vil vere trist om me ikkje skal ha sjøfolk lenger. Men Noreg kan ikkje halde norske sjøfolk i jobb for kvar ein pris.

Pengane frå nettolønsordninga går ikkje til sjøfolka, men til reiarane. Det er ein kompensasjon for å betale skikkeleg løn til deira tilsette. Ingen andre bransjar har det slik.

Color Line-eigarane ser ut til å setje stor pris på pengane dei får. I mars i år annonserte selskapet at dei deler ut 390 millionar kroner i utbyte. Det åleine er eit teikn på at staten er altfor raus med subsidiane til reiarane i dag.

Få politisk redaktør Frøy Gudbrandsens nyhetsbrev hver onsdag ettermiddag. Meld deg på her.

Publisert
Om BTs leder

BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:

«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsens integritet skal være uavkortet så vel utad som innad».