Abortlova er ikkje eigna til hestehandel

Statsminister Erna Solberg (H) bør ikkje gjere abortlova til eit kort i regjeringsforhandlingane.

Foto: Fabrizio Bensch / X90145

Publisert:

Torsdag kasta statsminister Erna Solberg (H) abortlova inn i kampen for å behalde regjeringsmakta. I eit intervju med VG opna ho for å innføre eit forbod mot tvillingabort før 12. veke. Meir alvorleg opnar ho òg for endre paragraf 2c i abortlova. Den gjev høve til å ta abort etter 12. veke, i tilfelle der born blir diagnostisert med alvorleg sjukdom.

Endringane er meint som lokkemat for KrFs landsmøte, som skal avgjere partiets val mellom høgre- og venstresida 2. november. Solberg viser til at «hvis KrF konkluderer med at de vil forhandle for å komme inn i regjeringen, er det naturlig at de får sette et verdipreg på en felles plattform med saker som er viktige for dem».

Det er forståeleg at Solberg gjer tydeleg for KrF kva som står på spel om dei vel å bytte side i politikken. Det er òg høgst rimeleg at ho får fram at mange i hennar parti er på KrFs side i denne saka, noko som ikkje er tilfelle i Arbeidarpartiet.

Men det er forskjell på å forhandle om pengar til hjartesaker, og ei så kjenslevar og prinsipielt viktig sak som abortlova. Ved å gjere den til eit forhandlingskort, gjer Solberg spørsmålet om abort til ein trivialitet.

Høvet til å ta abort grip djupt inn i livet til sårbare personar. Vilkåra for å ta abort er blitt endra gradvis, og oftast gjennom lange demokratiske prosessar og grundige faglege vurderingar. Ein kan ikkje endre abortlova over natta, utan ein grundig debatt om følgjene av det.

Det er òg viktig at endringar er forankra i eit breitt fleirtal, for å sikre at lovverket er stabilt og føreseieleg. Etter at Solbergs eige parti snudde i spørsmålet om å endre paragraf 2c i 2013 er KrF åleine på Stortinget om å ønskje endringa. Det gjev, for å seie det mildt, ikkje det demokratiske fundamentet ei endring av abortlova krev.

Reaksjonane på Solbergs utspel viser då òg at endringane ho opnar for vil kunne føre til omkampar i ettertid. Det har vore fleire kampvoteringar om abortlova på Høgres landsmøter, noko som understrekar kor splittande saka er. Solberg tapte desse voteringane, og endringa ho opnar for bryt med partiprogrammet. Det vil skape reaksjonar, nett som det vil gjere i regjeringspartiet Venstre.

Solberg må gjerne opne for ein diskusjon om abortlova, men å gje KrF ei lovendring som morgongåve er ein svært dårleg idé.