Forsvar på norsk

Når Nato-alliansen er under press, er det bra at det finst brei politisk semje om norsk forsvarspolitikk.

Publisert Publisert
  • Bergens Tidende

SKJERPA I FORSVAR: Frå NATO-øvinga Cold Response i Trøndelag i vinter. "Nettopp på grunn av ustabiliteten i verda, er stortingsforliket om langtidsplanen bra. Det sikrar dei lange linene for drifta og investeringar i Forsvaret, også etter stortingsvalet neste år", meiner BT. Foto: Ørn E. Borgen

iconDenne artikkelen er over tre år gammel

Sjølv om langtidsplanen for forsvaret (LTP) er svak på nokre felt, er det er viktig at det er eit politisk fleirtal for korleis Noreg skal utvikle og byggje Forsvaret i åra framover.

Forliket mellom regjeringa og Arbeidarpartiet denne veka er slutten på ein tre år lang prosess. Sluttspurten i budsjettforhandlingane på Stortinget førte at politikarane sette enkelte vanskelege spørsmål på vent.

Det gjeld ikkje minst planen for Hæren, som skal leggjast fram i ei eiga landmaktutgreiing seinare. Landforsvaret av Noreg burde ha vore ein integrert del av LTP.

Det viktigaste i planen er likevel at løyvingane og omdisponeringane til Forsvaret aukar med 390 millionar kroner til neste år, til 1,5 milliardar kroner totalt. Det gir plaster på såret til Hæren, i form av meir pengar til øving, aktivitetar, utstyr og til styrking av staben i fleire avdelingar.

I tillegg sikrar planen langsiktige investeringar til kampfly, fire nye ubåtar og nye overvakingsfly. Mange jublar også over at to musikkorps får leve vidare.

Les også

ASLE TOJE: Sikkerhet er ikke gratis.

Debatten om LTP har vore prega av distriktspolitikk, sysselsetjing og særinteresser, der særleg Sjøforsvaret og Hæren står steilt mot kvarandre. Heite diskusjonar om korps og flytting av helikopter har skugga for viktige, overordna perspektiv.

Dei handlar om korleis det norske forsvaret skal bli meir effektivt og fleksibelt, tilpassa norske tilhøve og forsvarspolitiske formål. Les: relasjonen til eit stadig meir aggressivt Russland.

Debatten illustrerer korleis Noreg si tilknyting til Nato vert handsama som ein fast storleik.

Vi er blitt vande til å følgje USA sin politikk, ikkje minst under den kontroversielle bombinga av Libya i 2011. Eit grunnleggjande perspektiv er sett på sidelina: Er Noreg og Nato sine interesser alltid samanfallande?

Engasjementet i Afghanistan og Libya-oppdraget har gjort spørsmålet aktuelt, men politikken har til no vore prega av utstrekt lojalitet mot alliansen sine ønskjer. Slik har norsk forsvarspolitikk arta seg heilt sidan Den kalde krigen.

Les også

DETTE ER TRUMPS POLITIKK: Og nå har han grønt lys for den.

Mykje er endra sidan den gongen. Ikkje minst etter presidentvalet i USA tysdag. Donald Trump har skapt tvil om USA vil halde fram å bidra tungt til Nato, om ikkje dei europeiske partnarane bidreg som dei har lova.

Trump ønskjer i større grad å setje amerikanske interesser først. Skakande sitat om alt frå Russlands president Vladimir Putin til nedrustingsavtalen med Iran, gir grunn til uro.

Trump er ikkje åleine om synet på USA si rolle i Nato. Obama-administrasjonen har vore tydeleg på at europeiske land må oppfylle plikta til å auke forsvarsbudsjettet til to prosent av BNP. Noreg sin del ligg i dag på 1,6, prosent. Regjeringa har vore nokså negativ til å auke han ytterlegare.

Den norske pragmatismen er forståeleg. Dei militære greinene må moderniserast, og ikkje styrast av dogmatiske krav til budsjettstorleik. Forsvaret skal først og fremst fungere innanfor norske rammer og norsk tryggleikspolitikk.

Nettopp grunna ustabiliteten i verda, er stortingsforliket om langtidsplanen bra. Det sikrar dei lange linene for drifta og investeringar i Forsvaret, også etter stortingsvalet neste år.

Publisert

Les mer om dette temaet

  1. - Helt ødeleggende for klimaarbeidet

  2. Spår åtte år med Trump

  3. Sjøkrigsskolen vil ikkje bli Oslo-filial

  4. Norges viktigste allianse

Om BTs leder

BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:

«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsens integritet skal være uavkortet så vel utad som innad».
  1. Russland
  2. Nato
  3. Forsvarspolitikk
  4. USA
  5. Donald Trump