Ytringsfridom under press

Demokratiske tilbakeslag må møtast med internasjonale reaksjonar.

Autoritære regime innskrenkar ytringsfridomen i aukande grad. Ei rekkje demokratisk valde statsleiarar undergrev også ytringsfridomen ved å bruka sosiale media til å ta styring over informasjonstilgangen. Den internasjonale utviklinga er urovekkjande.

Human Rights Watch, ein ikkje-statleg menneskerettsorganisasjon, hevdar at ytringsfridomen i Russland ikkje har vore verre stilt sidan Sovjetunionen gjekk i oppløysing. Russland kan likevel enno ikkje måla seg med Kina i kontroll med sosiale media. Det kan heller ikkje Tyrkia, der Erdogan-regimet stadig utvidar mediesensuren, der verdsrekorden i tal på fengsla journalistar når stadig nye høgder. Ytringsfridom er farleg for autoritære og diktatoriske leiarar.

Men mediekontrollen grip også om seg i vestlege land. President Trump styrer USA via Twitter, og svarer helst på spørsmål i venlegsinna tradisjonelle media. Jamvel president Macron i Frankrike prøver å overstyra kritisk presse ved å prioritera eigenredigerte sosiale media, for, som han seier, å vera sikker på å nå fram med bodskapen sin. Om Macrons metode viser seg å vera effektiv, kan den bli ei freisting for mange demokratisk valde politikarar. Ettersom tradisjonelle media er i tilbakegang, kan konsekvensane bli store.

I den arabiske vårens blømingstid, syntest det ei tid som alminnelege borgarar kunne velta regime via mobiltelefonane. Det viste seg å vera eit blendverk. Makta tedde seg gjennom geværmunningane. Sosiale medias makt ter seg på anna vis, som påverknadskraft, også politisk, og som makta til Facebook, Google og andre eigarkonstellasjonar. Ytringsfridomen er styrka, det er også ytringsfridomens vrengebilete, med frirom for hat og mobbing.

Med regimekontroll og usensurert frirom på kvar si side, står ytringsfridom i sivilisatorisk spenn. Dette spennet kjem også til uttrykk i sjølvpålagd sensur av frykt for tap eller straff i ei eller anna form, som når religionskritikk mot islam blir dempa eller utelaten.

Det norske tilbaketoget i kritikken mot Kinas brot på menneskerettane er ein demonstrasjon på kor svakt forsvaret for ytringsfridom kan vera når økonomiske interesser står på spel. Internasjonale konvensjonar, med lover og reglar og høve til økonomiske sanksjonar bør kunna ha større effekt. Det trengst for å fremja demokratiet.

Lederen
BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:
«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsensintegritet skal være uavkortet så vel utad som innad».