Diskriminerande pappaperm

Regjeringa skal hjelpe kvinner ut i jobb, men politikken fører til det motsette.

STÅR FAST: Menn vil ikkje få sjølvstendig opptening av fødselspermisjon, seier likestillingsminister Linda Hofstad Helleland Åserud, Lise / NTB Scanpix

6000 fedrar får ikkje lov til å ta ut pappapermisjon, fordi mødrene ikkje er i jobb. Det er djupt problematisk at fedrar ikkje får tene opp sitt eige velferdsgode.

Mor har sjølvstendig opptening til fødselspermisjon. Viss kvinna har vore i jobb meir enn seks av dei siste ti månadane, får ho full rett til foreldrepermisjon.

Viss kvinna ikkje har rett til foreldrepermisjon, får heller ikkje mannen permisjon. Ordninga skal bidra til at kvinner går i jobb, og at staten ikkje betaler for at far er heime med barnet viss mor er heimeverande.

Les også

– Vi vil fordele permisjonen selv

Denne kjønnsdiskrimineringa er uakseptabel på eigne bein, men slår òg heilt feil ut for familiar der kvinna er student, nyutdanna eller arbeidsledig.

Det er bra for likestillinga at kvinner har sterke insentiv for å kome tilbake i jobb. Det betyr ikkje at alle insentiv er gode. Eit likestillingstiltak som baserer seg på å nekte menn tilgang til eit sentralt velferdstilbod er eit dårleg likestillingstiltak.

Dagens ordning slår fast at mor er primærforelderen. Det er ein utdatert oppfatning. Moderne likestillingspolitikk bør leggje opp til at far og mor er likeverdige foreldre.

Noreg er forplikta til å følgje europeisk likestillingslovgiving, på grunn av EØS-avtalen. Overvakingsorganet Esa skal passe på at det skjer. Ifølgje Esa-president Bente Angell-Hansen, er den norske praksisen ulovleg.

– Likebehandling er helt grunnleggjande i EØS-retten, seier ho til Dagens Næringsliv.

Les også

PS: Ettåringen i huset er innkalt til medarbeidersamtale

Regjeringa har ingen planar om å endre på oppteningsretten når dei no utvidar fødselspermisjonen. – Å fjerne aktivitetskravet vil ha ein negativ innverknad på kvinners yrkesaktivitet i småbarnsperioden, seier likestillingsminister Linda Hofstad Helleland (H) til DN.

Dette er den same regjeringa som har utvida kontantstøtta; ei ordning der staten betaler foreldre for å redusere yrkesaktiviteten i småbarnsperioden. Rundt 80 prosent av mottakarane av kontantstøtte frå 2014 til 2016 var kvinner.

Det lyder derfor litt holt når regjeringa dyttar mødrene framfor seg, for å nekte 6000 menn tid med barnet sitt.

Lederen
BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:
«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsensintegritet skal være uavkortet så vel utad som innad».