Nok bilar i byen

Byvekstavtalane handlar om å få byar som fungerer. Difor bør målet om nullvekst i biltrafikken bli ståande.

BOM STOPP: Byvekstavtalane er ein god måte å skape betre byar på. Å stoppe veksten i biltrafikken er ein svært viktig del av dette arbeidet, skriv BT på leiarplass. Bjørn Erik Larsen

Bompengar handlar ikkje berre om å hente inn pengar. Det handlar òg om å stoppe veksten av biltrafikk i dei store byane. Det siste har vore eit absolutt krav frå regjeringa for at byane skal få støtte frå staten, gjennom dei såkalla byvekstavtalane.

Men no har bompengeopprøret gjeve regjeringspartiet Frp kalde føter. Tidlegare i juni kom dei med seks krav for å kome opprøret i møte. Det viktigaste var ei omdefinering av nullvekstmålet. Det skal ikkje lenger vere nullvekst i talet på bilar, men i CO₂-utslepp.

Med stadig fleire elbilar betyr det i praksis at biltrafikken kan auke utan å bryte avtalen. Dermed kan bompengane senkast, fordi dei ikkje lenger skal brukast til å stoppe veksten i biltrafikken.

Det er lett å skjøne at eit Frp som blør veljarar, prøver på ein slik vri. Men det som verkeleg uroar, er at statsminister Erna Solberg opnar for å kome dei i møte.

Under den halvårlege pressekonferansen til regjeringa denne veka sa Solberg at Granavolden-plattforma «åpner for å videreutvikle nullvekstmålet». Ho utdjupa det noko, ved å vise til den store elbilveksten og at ein må vite at ein «belønner de riktige tingene».

Nullvekstmålet har ein dobbel funksjon. Det skal både få ned klimautslepp, og skape eit effektivt transportsystem i byane. Når folk og varer blir ståande i bilkøar, betyr det tap av tid, og for næringslivet òg tap av pengar.

Alle bør vere interesserte i at transportsystemet fungerer effektivt. Når byane veks, betyr det at fleire må bli stimulert til å ta seg fram på andre måtar enn i bil. Dels handlar det om gulrot: Billig og effektivt kollektivsystem, sykkelstiar og ei byplanlegging som gjer at folk i mindre grad treng å bruke bil.

Men gulrot i seg sjølv er ikkje nok. Litt pisk må til. For svært mange er privatbilen det enklaste og mest komfortable måten å kome seg fram på. Viss ein ikkje legg restriksjonar på biltrafikken, vil difor bilbruken auke.

Bompengar er ikkje noko ideell løysing, fordi dei slår ut skeivt sosialt. Det kan vere fornuftig å gjere noko med. Men å fjerne bompengar i byane, er ikkje mogeleg, fordi det ikkje finst noko alternativ måte å regulere biltrafikken på.

Bompengane er òg viktige for å finansiere vegar og kollektivsatsing. Dette omsynet kan regjeringa bøte på ved å legge meir statlege pengar i potten, men då må det takast frå andre delar av statsbudsjettet.

Byvekstavtalane er ein god måte å skape betre byar på. Å stoppe veksten i biltrafikken er ein svært viktig del av dette arbeidet. Det er difor ein dårleg ide å droppe kravet om nullvekst i biltrafikken no.

Lederen
BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:
«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsensintegritet skal være uavkortet så vel utad som innad».