Modig av Tryti

Anna Elisa Tryti fortener ros for å ha stått fram med historier om trakassering og hat. No må kvar og ein av oss ta ansvar.

Publisert:

ALLE HAR ANSVAR: – Noreg treng politikarar som orkar å stå i debatten. Det har Tryti gjort i fleire tiår. Ingen skal kunne truge henne eller andre politikarar til å teie, meiner Bergens Tidende. Foto: Ørjan Deisz

Tysdag ettermiddag stod byutviklingsbyråd Anna Elisa Tryti (Ap) fram med fleire sterke historier om trakassering, forfølging og tilrop.

«Jeg har derfor konkludert med at det er riktig å gå ut med det jeg og familien min har opplevd. Etter hvert er det blitt så mange historier nasjonalt at vi kan si at dette er en trussel mot demokratiet», sa Tryti til BT.

Tryti gjer no eit modig val. Undersøkingar viser at mange lokalpolitikarar, særleg kvinner, opplever hets og sjikane. Dei fleste gjer den same vurderinga som Tryti hittil har gjort, nemleg at kostnaden blir endå større ved å fortelje.

Les også

«Trakasseringen vil foregå helt til du endrer kurs, trekker deg fra politikken, eller begår selvmord»

Det er eit val det er lett å forstå. Likevel er det svært bra for debattklimaet at Tryti no står fram. Slik kan folk flest lettare forstå kor krevjande det etter kvart er blitt å vere politikar.

Onsdag varsla politiet i Bergen at dei vil etterforske hólet i vindauget heime hos Tryti. Ho har kritisert dei for å ta for lett på dette til no, og det er bra dei ikkje lèt det gå prestisje i saka.

Les også

Debatt: Kjære bergensere, skjerp dere!

Kommuneadministrasjonar og folkevalde får opplæring i korleis dei handterer hets. Politikarar skal tole å få motstand, men seksuell trakassering og trugslar om vald er blitt altfor vanleg.

Slikt bør alltid bli meldt til politiet. Då får vi òg vite meir om omfanget av problematikken.

Les også

Henning Warloe tror han og Tryti har fått trusselbrev fra samme person

I debattinnlegg og kommentarfelt er det no mange som viser si støtte til Tryti. Mange skriv at dei er usamde i politikken byrådet står for, men at vi må respektere våre folkevalde.

Det er bra. Det viser at dei som går over streken ikkje representerer fleirtalet, og at svært mange ønskjer eit sunnare debattklima.

Det siste kan alle bidra til. Vi har alle eit ansvar for å gå i rette med sjikane og hat, anten det er rundt lunsjbordet, heime eller på nett. Familiemedlemer, vener eller kollegaer har gjerne større påverknadskraft over dei som går over grensa.

Noreg treng politikarar som orkar å stå i debatten. Det har Tryti gjort i fleire tiår. Ingen skal kunne truge henne eller andre politikarar til å teie.

Vi har alle eit ansvar for å kjempe mot eit hatefullt ytringsklima.

Publisert:
Om BTs leder

BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:

«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsens integritet skal være uavkortet så vel utad som innad».