Ein dårleg skatt

Skal kommunane ha eigedomsskatt, bør han vere rettvis.

RABATT: Artisten Kygo betalar mindre i eigedomsskatt for 41-millionar kroners huset på Hopsneset, enn folk med hus til ein firedel av verdien. Det er dårleg skattepolitikk, skriv BT på leiarplass. Tor Høvik

Det burde vere enkelt: Eigedomsskatten bør følgje verdien på eigedomen. Men slik er det ikkje i mange kommunar, viser ei kartlegging NRK har gjort. Tvert om får mange av landets rikaste store rabattar. Det bør regjeringa rydde opp i.

NRK illustrerte saka i helga med bustaden til Kyrre «Kygo» Gørvell-Dahll på Hopsneset. Artisten kjøpte i fjor eigedommen for 41 millionar kroner. Men i kemnerens bøker er verdien sett til 10,3 millionar, noko som gjev 16.905 kroner i eigedomsskatt. Det er ifølgje NRK mindre skatt enn hus i Fjellveien som kostar under ein firedel av Kygos nye krypinn.

NRK har ei rekke tilsvarande døme frå heile landet, som viser at forskjellane i Bergen ikkje er noko særtilfelle.

Dette er openbert urimeleg, og undergrev tilliten til skattesystemet.
Kjelda til uretten ligg i ein SSB-modell som 72 av landets kommunar, mellom andre Bergen og Oslo, brukar til å rekne ut eigedomsverdiar.

Modellen er ifølgje Per Medby i SSB ikkje laga for å rekne ut eigedomsskatt, men bustadformue. Modellen tek ikkje særleg omsyn til eigenskapar ved bustaden som utsikt, hageanlegg, plassering, som har stor innverknad på den reelle verdien.

Veikskapen med modellen har vore kjent lenge. Likevel har staten tilrådd kommunane å bruke han. Konfrontert med opplysningane frå NRK seier finansminister Siv Jensen (Frp) at ho no ønskjer å sjå om ikkje modellen kan forbetrast. Det er bra.

Det er store fordelar med ein nasjonal modell. Ikkje minst fordi det sparar kommunane for utgifter til taksering av bustadene. Men då må modellen evne å gje eit meir korrekt skattegrunnlag.

Alternativet er at kommunane sjølve retakserer bustadene, noko som vil koste samfunnet langt meir enn å forbetre SSB-modellen.

Les også

BT-leiar: Eit fornuftig skattekutt

NRK Brennpunkt viste laurdag at mange kommunar likevel vel å bruke pengar på eigne takstar. Motivet for mange er å få opp takstane, for å kompensere for at regjeringa har senka taket for kommunal eigedomsskatt frå sju til fem promille. Ifølgje regjeringsplattforma skal makssatsen vidare ned til fire promille.

Dette er dårleg politikk på fleire måtar. For det første burde regjeringa overlate til det kommunale sjølvstyret å fastsetje eigedomsskatten. Er borgarane usamd i satsen, kan dei endre det i val.

Retakseringa er heller ikkje god bruk av kommunale midlar. Ifølgje NRK har norske kommunar brukt over 350 millionar kroner på taksering og retaksering. Det er pengar som heller burde gått til kommunale tenester. Eller til å senke eigedomsskatten.

Lederen
BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:
«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsensintegritet skal være uavkortet så vel utad som innad».