Uvanleg sløvt av Fylkesmannen

Lars Sponheim og hans folk har ikkje gjort jobben sin på Liland.

BONDEN: Erling Liland protesterer mot at bystyret i førre veke avgjorde å leggje markene hans under asfalt. Først etter han stod fram i BT reagerte Fylkesmannen. Det heng ikkje på greip, skriv BT på leiarplass. Alf Morten Røyr

Fylkesmannen i Hordaland er ikkje lett å bli klok på. I årevis har Lars Sponheim og hans tenestemenn kjempa mot at landbruksområdet sør for flyplassvegen i Fana blir lagt under asfalt. Men då kommunen laga ein ny plan for området, aksepterte dei likevel at 1000 dekar blir gjort om til industriområde.

Først etter at BT omtalte saka denne veka vakna fylkesmann Sponheim. Han vil no ha omkamp, etter at saka har vore handsama i alle organ og er vedteke av bystyret. Det heng ikkje på greip.

Området har på mange måtar blitt eit symbol på kampen mellom jordvern og ein ekspanderande by. Utbyggjarar har lenge ønska å byggje ut. Dei grøne markene ligg svært sentralt til, like ved flyplassen, med lett tilgang til både veg og bybane.

Likevel er det gode grunnar til å vere varsam. Matjord blir bygd ut i eit urovekkjande tempo her i landet, noko som gjer at Stortinget har vedteke at nedbygginga skal reduserast. Det bør skjerpe krava til slike utbyggingar.

Les også

Varsler omkamp om matjord

Fylkesmannen sa så seint som i 2011 nei til å la Bybanen gå på sørsida av flyplassvegen, altså i det området som no skal byggjast ut. Argumentet då var jordvern. Likeins har jordvern vore ein viktig del av Fylkesmannens motstand mot utbygging på Ådland, aust for Liland.

At Fylkesmannen har akseptert denne planen utan motsegner verkar difor svært merkeleg. Sponheims reaksjon i etterkant meir i tråd med tidlegare standpunkt.

Det er svært kritikkverdig at Fylkesmannen ikkje har fremja motsegnene tidlegare i prosessen. Mykje taler for at saka er tapt, sjølv om Sponheim vil bruke motsegna mot Ådland, som skal opp i Klima- og miljødepartementet, til å stoppe utbygginga på Liland.

Berre ein del av utbyggingsområdet i Fana er matjord, noko som opnar for nyansar. Men det er ei vurdering Fylkesmannen må gjere på vegner av fellesskapet, ei vurdering dei ikkje ser ut til å ha gjort.

Med si framferd har Fylkesmannen ikkje berre svikta som forsvarar av nasjonale interesser. Dei har òg skapt uvisse for dei bedriftene som har belaga seg på å flytte til området. Mellom anna gjeld det arealkrevjande bedrifter som må flytte frå Mindemyren, for å skape plass til fortetting langs bybanetraseen.

Lederen
BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:
«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsensintegritet skal være uavkortet så vel utad som innad».