Det er aldri for tidleg å kritisere kommunen

Offentleg debatt er ein viktig del av samfunnet, og det behovet forsvinn ikkje under ein pandemi.

  • Bergens Tidende
    Bergens Tidende

Byrådsleiar Roger Valhammer (Ap) endra praksis etter kritikken mot byrådets grunngjeving av fempersonarsregelen. Foto: Bård Bøe (Arkiv)

Publisert Publisert
iconLeder
Dette er en leder. Lederartikkelen uttrykker Bergens Tidendes publisistiske idé: En partipolitisk uavhengig, frittstående, liberal og borgerlig (ikke-sosialistisk) avis.

Haukeland-direktør Eivind Hansen meiner at det er for tidleg å kritisere kommunen for inngripande koronatiltak.

No handlar det nemleg om å slå ned smitten, og samle oppslutning for tiltaka.

Hansen har rett i at tiltaka må evaluerast når det har gått meir tid, men det betyr ikkje at kommunen skal få innføre kva enn tiltak dei vil – utan særleg debatt.

Oppslutning om smittetiltaka er svært viktig. Men det er ingen motsetning mellom å følgje krava og kritisere kommunens grunngjeving av tiltaka.

Kravet om maks fem personar i ein husstand i bergensregionen har vore kritikkverdig. Ikkje fordi kravet er ulovleg – for det er ikkje byens jusprofessorar samde om.

Problemet er at det tok elleve dagar frå tiltaket vart innført til offentlegheita fekk ei skikkeleg grunngjeving.

Grundig og god informasjon til folk er viktig for å heve oppslutninga om tiltaka. Det kan òg bidra til å auke forståinga av kor alvorleg situasjonen er.

No kom den informasjonen som resultat av offentleg kritikk mot kommunen. Og kritikken førte til at byrådet endrar praksis framover.

Under fredagens pressekonferanse, gjekk Bergen kommunes medisinske fagsjef Trond Egil Hansen kritikken i møte.

Han meiner at eit sjukehus aldri ville ha satt seg ned for å skrive retningslinjer om det dukka opp ein akutt sjuk pasient.

Men det er ikkje samanliknbart. Smittevernsrestriksjonane skal følgje gode, demokratiske retningsliner. Det inneber at kommunen må leve med at omverda krev at dei grunngjev vedtaka sine.

Les også

Eirin Eikefjord: Byrådsleder Roger Valhammer (Ap) brukte elleve dager på å produsere en begrunnelse for fempersoners-regimet i Bergen. Det er både komisk og alvorlig.

Offentleg informasjon og offentleg debatt er ein av grunnsteinane for å oppnå høg tillit til styresmaktene. Den tilliten er svært viktig, spesielt når samfunnet skal kjempe mot ein pandemi.

Dersom kommunen ikkje møter motbør når dei innfører tiltak utan å grunngje dei skikkeleg, kan det redusere tilliten i befolkninga.

Folk må vite at styresmaktene gjer det som er nødvendig, og at dei balanserer rett mellom inngripande tiltak og folks fridom.

Noreg står i ein krevjande situasjon no. Restriktive tiltak er viktig for å slå ned smittespreiinga.

Tilliten til styresmaktene er ikkje noko ein kan veksle inn for å kjempe mot pandemien.

Difor kan ikkje verken kommune eller stat få ei blankofullmakt no. Den offentlege debatten kan ikkje vente til krisa er over.

Publisert
  1. Koronaviruset
  2. Bergen kommune
  3. Haukeland universitetssykehus
  4. Byrådet (Bergen)

Les mer om dette temaet

  1. Tre nye landslags­spillere har testet positivt på korona

  2. Éin kommune trossa Høie og sa nei til fempersonarsregel: – Vi meinte privatlivet blei invadert

  3. Strammer inn munnbindpåbudet

  4. Her er det ikke registrert noen smittede. – Dette bekrefter det vi har trodd hele tiden.

BT anbefaler

Legen Rune Larsen (60) var sikker på at han skulle kokes da han ble innlagt på sykehuset

Infeksjonen er kraftig. Rune Arild Larsen innser at han må komme seg på sykehus.