Dra i naudbremsen

NSB skal heite «Vy». Det er pinleg for NSB-leiinga og regjeringa, men det er mest pinleg for Noreg.

DEI HAR SKULDA: Styreleiar i NSB, Dag Mejdell, og konsernsjef Geir Isaksen vil for alltid bli hugsa som dei ansvarlege for å ha skrota NSB-namnet. Namneskiftet burde aldri skjedd, meiner Bergens Tidende. Berit Roald, NTB Scanpix

Sidan 1883 har NSB, Noregs Statsbanar, knytt landet vårt saman. Men no er det slutt. NSB skal bruke 280 millionar på å døype seg om til «Vy».

At dette er den beste måten selskapet meiner dei kan bruke pengar på, seier i seg sjølv ein heil del. Men NSB vil samle tog og buss i Noreg og Sverige under eitt namn. Då måtte dei gripe til noko av det mest håplause pr-folk har kome opp med på ei stund. Og menneska bak namnet er Snøhetta. Av alle.

Ifølgje NSB er Vy «et skandinavisk ord som betyr utsyn, oversyn, utsikt eller bilde av». Men NSB driv ikkje med høgfjellshotell, kart eller prospektkort. Dei fraktar folk med buss, tog og buss for tog. Det nye namnet er totalt fråkopla kva NSB faktisk driv med.

NSB må vere ei av dei mest kjende merkevarene i Noreg. Rett nok har staten gjort det vanskelegare ved å skilje ut togsett, stasjonar, skjener og mykje anna i eigne selskap, men framleis veit folk kven som fraktar dei frå stasjon til stasjon.

Det skal det tydelegvis bli slutt på. Saman med CargoNet og NOR Bane SF skal Vy no gjere det vanskelegare for både nordmenn og svenskar å orientere seg i togkaoset.

Språkrådet, statens eige fagorgan for språkspørsmål, slaktar sjølvsagt namnet. Dei legg vekt på at dagens namn er praktisk og forståeleg, men òg noko anna: NSB er meir enn ein merkevare. Det er historie, kultur og nasjonsbygging.

Les også

Slik reagerer de på NSBs nye navn: – Galskapen vil ingen ende ta

Konsernsjef Geir Isaksen forklarer til VG at «vi har en annen innretning enn Språkrådet». Men dette namnet tilhøyrer alle nordmenn, ikkje berre dei som tilfeldigvis sit i NSB-leiinga våren 2019. At namnet møter sterke reaksjonar er heilt på sin plass.

NSB burde aldri ha sett i gong arbeidet med å byte namn. Namn som Mesta, OsloMet og Ruralis burde ha sendt eit kraftig varsku om at dette ikkje kunne gå bra.

Det nye namnet Vy er pinleg for Noreg, og signaliserer at vi ikkje er stolte over den norske jernbanehistoria. Når vi skrotar NSB, skrotar vi meir enn eit namn.

I regjeringsplattforma slår Solberg-regjeringa fast at ho vil «styrkje innsatsen for klart språk i kommunikasjonen frå forvaltninga til innbyggjarane». Diverre har dei ikkje sine eigne etatar og statsføretak med seg. Det vitnar om svak politisk styring av jernbanen når NSB får eit namn som ikkje fortel noko av kva dei driv med, og i tillegg får bruke enorme summar på skiftet.

Og neste gong nokon frå regjeringspartia snakkar om at staten må stramme inn livreima i åra som kjem, bør dei bli minna på at dei bruker 280 millionar kroner på å byte ut NSB med «Vy».

Lederen
BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:
«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsensintegritet skal være uavkortet så vel utad som innad».