Å vestland, vestland

Eit samanslått vestlandsfylke er godt nytt for både Norge og vestlandsregionen.

Publisert: Publisert:

MEIR MAKT: Ein slagkraftig vestlandsregion treng fleire oppgåver og meir makt. Men det viktigaste er at det blir ein felles region. Det er på høg tid. Foto: Gidske Stark

Torsdag vart Hordaland, Sogn og Fjordane og Rogaland samde om ein intensjonsavtale om å slå seg saman til ein stor region. Det er det stor grunn til å glede seg over. Blir avtalen vedtatt av dei tre fylkeskommunane, får nye Vestlandet fylkeskommune 1,1 millionar innbyggjarar.

Innbyggjarar som med felles kulturell identitet og historie har større interesse av å halde saman enn å kjempe eigne kampar på kvar si tue. Det blir ein slagkraftig region.

Den aller viktigaste oppgåva for den nye regionen blir å skape ein attraktiv region som trekkjer til seg arbeidskraft og blir eit endå tydelegare alternativ til Oslo.

Det er både i Vestlandet og nasjonen si interesse at det er fleire slagkraftige regionsenter i Norge, og at dei mest interessante jobbane finst andre plassar enn aust for Langfjella.

Dei siste to åra har særleg Rogaland og Hordaland blitt hardt råka av ein halvert oljepris. Arbeidsløysa har auka kraftig her, men er knapt blitt merka austanfjells eller andre stader i landet. Nye arbeidsplassar må skapast regionalt, innan andre område enn olje. Dette er felles utfordringar.

Då må ein finne løysingar som ikkje stoppar ved fylkesgrensa til Rogaland eller Hordaland. Det er vestlendingen som gjeld, ikkje hordalendingen, rogalendingen, sogningen eller sunnfjordingen.

Les også

Nytt storfylke på Vestlandet vekker allerede strid

Som alltid når det er snakk om samanslåing, anten det gjeld bedrifter, kommunar eller andre typar institusjonar, så blir det krangling om lokalisering. Kor skal makta liggje? I avtalen om det nye vestlandsfylket blir Bergen regionsentrum. Det er bra at den største byen, som ligg i sentrum for dei tre fylka, får denne oppgåva.

Skal vestlandsfylket bli ein suksess, må alle partar leggje frå seg inngrodde tankar om at eige fylke mister makt ved å «gje frå seg» oppgåver.

Då må ein akseptere at Rogaland og Sogn og Fjordane får administrasjonsansvar for andre viktige oppgåver. Ifølgje avtalen skal Sogn og Fjordane få det viktige ansvaret for veg, mens Rogaland mellom anna får ansvaret for kollektivtrafikken. Sogn og Fjordane får òg ansvaret for kultur, mens Rogaland får næring, opplæring og idrett.

Det er beklageleg at nynorsk ikkje skal vere hovudmål i den nye regionen. Språket er ein stor identitetsberar, og for svært mange vestlendingar hovudmål. Blir dette det endelege resultatet, må det finnast andre løysingar som sikrar nynorsken sin viktige posisjon i vest.

Nynorsken er under sterkt press nasjonalt. Det blir ei viktig oppgåve for Vestlandet å sikre den språklege identiteten sin og syte for at nynorsken framleis har ein sterk plass i det offentlege språket.

Skal denne samanslåinga bli ein suksess, må den få fleire oppgåver enn fylkeskommunane har i dag. Kommunaldepartementet har varsla ein proposisjon om dette til våren, i samband med kommunereforma.

Ein slagkraftig vestlandsregion treng fleire oppgåver og meir makt. Men det viktigaste er at det blir ein felles region. Det er på høg tid.

Publisert:
Om BTs leder

BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:

«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsens integritet skal være uavkortet så vel utad som innad».