Ein ny start for Bergensbanen

Konkurranseutsetjing av Bergensbanen bør gje eit langt betre tilbod til passasjerane.

Publisert:

TIL 2031: Konduktør Shirley Tang delte måndag ut sjokolade på jarnbanestasjonen i Bergen, etter at statlege Vy vann kontrakten for elleve nye år. Lovnad om fleire avgangar og betre nattogtilbod tyder på at konkurransen har vore sunn, skriv BT på leiarplass. Foto: Geir Martin Strande

Måndag vart det klart at Vy (tidlegare NSB) skal halde fram med å køyre toga på Bergensbanen. Dei vann konkurransen mot svenske SJ og britisk-tyske Arriva.

Men at statens selskap held fram etter 110 år, bør vere det einaste som blir verande ved det gamle. Skal konkurranseutsetjinga bli ein suksess, må den føre til at tilbodet til passasjerane blir langt betre enn i dag.

Mykje tyder på at det vil skje. Mellom anna lovar Vy eit betre nattogtilbod og fleire avgangar.

Korleis dette blir i praksis, vil tida vise. Men regjeringa kan allereie innkassere ein siger: Vy får ikkje betalt av staten for å drive togstrekninga, slik det har vore til no. I staden vil selskapet betale staten 2,2 milliardar kroner for retten til å køyre Bergensbanen dei neste elleve åra.

Sjølv om det her er eit statleg selskap som betalar staten, inneber dette ein stor vinst for samfunnet ved at drifta blir meir effektiv.

Sjølv om detaljane i kontrakten førebels ikkje er offentleg kjend, er Vy truleg avhengig av å auke passasjertalet for å lykkast økonomisk. Samstundes har fleire og meir nøgde kundar vore eit viktig vilkår for å vinne kontrakten.

Skal Vy få fleire kundar, må dei gje passasjerane ei betre oppleving, både i service og reisetid.

Les også

Vy betaler 2,2 milliarder for å kjøre Bergensbanen de neste elleve årene

At utgiftene til staten blir redusert er svært gledeleg. Men i staden for å gå inn i det store sluket, bør vinsten brukast til å gjere togturen over fjellet raskare og betre.

Samferdsleminister Jon Georg Dale (Frp) er inne på det når han seier innsparingane kan brukast til investering i ny infrastruktur.

Her er det mykje å gripe fatt i, frå nye signalanlegg via nye vogner til forkortingar av banen. Ikkje minst bør kapasiteten på sovevogner aukast kraftig.

Det viktigaste er likevel å få ned reisetida, noko som vil gjere det meir attraktivt å ta toget framfor fly mellom landets to største byar. Ringeriksbanen og eit nytt dobbeltspor mellom Arna og Voss bør difor kome så fort som råd.

Etter 110 år med monopol var det på høg tid at staten gav seg sjølv konkurranse på jarnbanedrift i Noreg. Ikkje berre gjev det billigare og meir effektiv drift.

Signala frå Vy tyder på at dei òg vil strekke seg lenger for å gje dei reisande ei betre oppleving. Det er på tide.

Publisert:
Om BTs leder

BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:

«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsens integritet skal være uavkortet så vel utad som innad».