Jorda er rund

Forskarar må gå i rette med konspirasjonsteoriar, men kan ikkje bruke tida på barneskulelærdom.

RUND: – Jorda er rund, slår BT fast på leiarplass. Her er orkanen Danny fotografert frå den internasjonale romstasjonen ISS i 2015.

Nasa/Reuters

Tittelen på denne leiarartikkelen er for dei fleste ei sjølvfølgje og på grensa til tåpeleg. Men for nokon er dette ein kontroversiell påstand, og no vil dei ha debatt.

I mars går Alternativmessen «Sunn Livsstil» av stabelen i Bergen, og denne veka kunne På Høyden melde at messa kan by på meir enn fargeterapi og krystallar. Arrangørane har nemleg invitert Institutt for geovitskap ved Universitetet i Bergen til debatt.

Planen er at forskarane skal få 15 minutt til å leggje fram sine prov for at jorda er rund, og så skal nokon «fremlegge fysiske beviser» for at jorda er flat. Slik kan publikum gjere seg opp si eiga meining om dette spørsmålet.

Det er berre eitt problem med ein sånn debatt: Jorda er rund. Til På Høyden forsikrar professor Ritske S. Huismans, som er leiar for geodynamikkgruppa ved instituttet, at det ikkje har dukka opp nye moment i denne saka dei siste hundreåra.

Å lage ein slik debatt med representantar for båe syn er det vi kallar «falsk balanse»: Ein representant for eit feilaktig syn blir sett opp mot ein som representerer fakta.

Les også

Jens Kihl: Arven etter Aarebrot

Til På Høyden seier instituttet at dei ikkje ser for seg å delta i denne debatten. Det er å gje legitimitet til eit spørsmål som Aristoteles avklarte 350 år før vår tidsrekning.

Alle forskarar bør sjå formidling til allmenta som ein viktig del av jobben og samfunnsoppdraget. Og i ei tid prega av falske nyhende og alternative fakta er forskingsformidling kanskje viktigare enn nokon sinne.

Landets fremste fagfolk kan likevel ikkje bruke dagane på å argumentere i kommentarfelt og obskure bloggar. Til det er tida for knapp, og ei deltaking her blir gjerne oppfatta som ei legitimering av at dette er ein «viktig debatt».

Men det finst unntak: Fagmiljøa kan ikkje gje opp kampen om å overtyde vaksinemotstandarane. Det er rett og slett for farleg å la det vere eit tvilsspørsmål.

Og når stortingsrepresentantar og regjeringsmedlemer sår tvil om menneskeskapte klimaendringar finst, trengst det akutt vaksenopplæring. Når ein ikkje trur på vitskap og fakta, kjem det ikkje tiltak som kan motverke dei farlege klimaendringane.

Slike kampar kan ikkje vinnast utan at forskarane bidreg med sin kunnskap. Igjen og igjen.

I mellomtida får vi andre slå det fast: Jorda er rund.

Lederen
BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:
«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsensintegritet skal være uavkortet så vel utad som innad».