Ein god dag for naturvernet

Regjeringa gjer rett i å seie nei til kraftutbygging i Øystesevassdraget. Neste mål bør vere varig vern.

FÅR VERE I FRED: Gårsdagens vedtak skaper ein viktig presedens. Det seier at vern av sårbar natur i seg sjølv kan vere vinnande argument i utbyggingsstrid der tunge økonomiske og politiske interesser står mot lokalsamfunnet sine verdival og prioriteringar, meiner BT. Tor Høvik

Regjeringa seier nei til kraftutbygging både i øvre og nedre del av Øystesevassdraget, og overprøver dermed Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE), som tidlegare har gjeve konsesjon til begge.

Det var på tide politikarane sette ned foten for den utmattande dragkampen mellom kraftutbyggjarar og naturvernarar.

Avgjerda kan ikkje ha vore enkel. På den eine sida stod argumenta om produksjon av meir klimavenleg vasskraft, på den andre sida omsynet til artsmangfald og vestlandsnatur.

Til slutt var det omsynet til raudlista arter og naturtypar og tilgangen til urørt skog og fjell, som vann over produksjon av kraft i mindre skala.

At regjeringa til slutt fall ned på naturvern-argumenta si side, er gledeleg.

Les også

SNUOPERASJONEN: Jubler for Øystesevassdraget.

Det er ikkje tilfeldig at gårsdagens gode nyhende vart formidla frå Bergen Turlag sine kontor, og ikkje som ei pressemelding frå Olje- og energidepartementet.

Både oljeminister Terje Søviknes (Frp) og statsminister Erna Solberg (H) har tidlegare vore motstandarar av utbygging i øvre del av vassdraget. Begge vil naturleg nok ta sin del av æra, spesielt i innspurten av valkampen.

Men største delen av denne æra har Turlaget og Naturvernforbundet, saman med andre organisasjonar og Hordalands-politikararar frå heile partispekteret.

Dei har gjort ein solid jobb med å få fram dei gode og faktabaserte argumenta mot kraftutbygging. Regjeringa si snuoperasjon er ein siger for desse kreftene, men først og fremst er det ein siger for fornufta, og for eit urørt og unikt område.

Les også

FRP MENER: Vern av vassdrag kan føre til naturkatastrofer.

Kampen for vestlandsnaturen er ikkje over med dette. Meir ekstremver og flaum fører til at fleire vassdrag kjem under press, mellom anna Raundalsvassdraget på Voss og Opo i Odda, der planar for flaumsikring og kraftutbygging vil påføre naturen store inngrep.

Gårsdagens vedtak skaper ein viktig presedens. Det seier at vern av sårbar natur i seg sjølv kan vere vinnande argument i utbyggingsstrid der tunge økonomiske og politiske interesser står mot lokalsamfunnet sine verdival og prioriteringar.

Historisk sett har slike kampar vore rått parti. Kampen mot dei såkalla «monstermastene» i Hardanger var eit døme på dette.

Øystesevassdraget skal ikkje raserast no, men er heller ikkje verna for all framtid.

Neste steg må vere å få vassdraget inn på Stortinget sin verneplan for norske vassdrag.

Lederen
BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:
«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsensintegritet skal være uavkortet så vel utad som innad».