Ein pris i rett tid

Raftoprisen 2018 går til Polens ombodsmann for menneskerettar Adam Bodnar. Norske styresmakter må ta prisens bodskap på alvor.

OMBOD: Adam Bodnar er ombodsmann i Polen og årets vinnar av Raftoprisen. Det er ei særs viktig og gledeleg tildeling, meiner Bergens Tidende. Andrea Gjestvang, VG (arkiv)

Utviklinga for menneskerettar og eit fritt sivilsamfunn går diverre feil veg i Polen. For berre få år sidan såg svært mykje ut til å lukkast for landet. Frie val, uavhengig journalistikk og eit blømande sivilsamfunn berre få år etter at Polen blei eit fritt demokrati i 1989. Var det verkeleg mogeleg? Dei seinare års utvikling har synt at det som er lett vunne, kan vere lett tapt.

Etter at Partiet for lov og rettferd (PiS) vann valet i 2015, har institusjonar som domstolar og kringkasting blitt mindre uavhengige organ. Polen er ikkje lange vegen frå Noreg. Granneskapet bør gjere at Noreg kjenner seg ekstra forplikta til å ta utviklinga på alvor.

Nett difor er det svært positivt at Adam Bodnar, den polske ombodsmannen for menneskerettar, får årets Raftopris. Bodnar driv ein viktig kamp for at kvinner, lhtb-personar og andre utsette grupper får sine menneskerettar oppfylt. Han meiner at institusjonar som vernar om menneskerettane er under press i Polen. Hans kamp for eit fritt og levande sivilsamfunn er verkeleg ein pris verdt.

Les også

Aktuell Raftopris: Går til polsk jurist

EU har innleidd ein prosess der Polen er skulda for å bryte artikkel 7 i EU-traktaten. EU meiner Polen bryt dei grunnleggjande verdiane EU byggjer på ved ei domstolreform som gjer domstolane meir politisk styrte.

Det er «en klar risiko for en alvorlig krenkelse av rettsstatens prinsipper», har EU-kommisjonens visepresident Frans Timmermans uttalt. Sjølv om det er lite sannsynleg at denne prosessen fører fram, seier han noko om alvoret i menneskerettsstoda i Polen. Slike saker viser òg kvifor tildelinga er høgst aktuell no.

I slike tider trengst folk som Bodnar. I grunngjevinga for prisen skriv Raftostiftinga: «Det er avgjørende at det internasjonale samfunn, EU, Norge og andre europeiske land, markerer et tydelig standpunkt mot rettighetsbrudd og angrep mot rettsikkerhet og minoriteters rettigheter som pågår i vår egen region.» Det er all grunn til å stø opp om dette kravet.

Polen har lagt press på Noreg for å få styre tildelinga av EØS-midlar sjølv. Det er i utgangspunktet positivt at eit land får sjølvråderett over slike midlar. Men Polen ønskjer å vri midlane slik at organisasjonar for homofile, for menneskerettar og for abort ikkje lenger får pengar. Ei slik utvikling kan Noreg aldri akseptere.

Norske styresmakter bør ta tydeleg standpunkt til støtte for menneskerettsaktivistar i Polen. Slik kan Noreg vere med på å vise at Raftoprisen til Bodnar er heilt på sin plass.

Lederen
BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:
«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsensintegritet skal være uavkortet så vel utad som innad».