Lobbyistanes aukande makt

Samanblandinga av politikk og lobbyisme bør handterast før det blir eit problem.

Publisert: Publisert:

FIRST MINISTER: Tor Mikkel Wara (Frp) er den andre statsråden i Solberg-regjeringa som kjem direkte frå lobbyistfirmaet First House. Det er ikkje uproblematisk, skriv BT på leiarplass. Foto: Roald, Berit / NTB Scanpix

Kommentarane var overstrøymande positive då det onsdag vart kjent at Tor Mikkel Wara (Frp) blir ny justisminister. Euforien seier mykje om forgjengarane, men òg at Wara er ein god kandidat til jobben.

Likevel er utnemninga langt frå uproblematisk. Wara kjem frå lobbyistfirmaet First House, der han fram til onsdag både arbeidde og var medeigar. Selskapet er ein av dei framste eksponentane for ei vekstnæring der politikarar får eit liv etter politikken, ved å selje den kunnskapen og nettverket dei har opparbeidd seg i folkets teneste.

Det er framleis uvanleg at politikarar går tilbake frå påverkingsbransjen til politikken. Men når Wara etterfølgjer Sylvi Listhaug, som i si tid òg kom inn i regjeringa frå First House, er det grunn til å stoppe opp.

Les også

Frøy Gudbrandsen: En hjemvendt sønn

At folk går frå å påverke politikarar mot betaling, til å sjølv bli utøvande politikarar, er ikkje uproblematisk. Spesielt når dei, som i Wara og Listhaugs tilfelle, ikkje kan offentleggjere heile kundelista.

Utnemninga av Wara bør setje i gang eit ordskifte om korleis slike saker skal handterast framover. Lobbyistar har interesse av å framstille avstanden mellom politikarar og folket som større enn han er, og dermed gjere seg sjølv til eit naudsynt mellomledd. Synleg nærleik til det politiske miljøet forsterkar dette inntrykket, og få ting signaliserer dette sterkare enn ein statsrådspost.

Ein skal vere varsam med å overdrive innverknaden til selskap som First House. Dei har òg ein viktig funksjon, ved at dei kan utlikne noko av forskjellen mellom mindre bedrifter og aktørar og store selskap med eigne lobbyistar.

Men utnemninga av Wara aktualiserer spørsmålet om korleis ein skal handtere lobbyismen. Eit lobbyregister, som har vore foreslått tidlegare, vil vere for lett å omgå, til dømes ved at møter blir lagt utanfor Stortinget.

Eit forslag SV har fremja i Stortinget gjev eit betre utgangspunkt. Partiet vil at statsrådar og statssekretærar skal gje opp alle oppdrag for å «fremme politiske eller næringsmessige interesser» dei siste to åra før dei tiltrer. Eit liknande forslag i 2014 vart ikkje vedteke, men no kan Venstre sikre fleirtal saman med SV, Sp og Ap.

Avstanden mellom folkevalde og folket er relativt liten her i landet, og slik bør det bli verande. Det er norske politikarars ansvar at ikkje lobbyismen tek større plass i politikken.

Publisert:
Om BTs leder

BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:

«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsens integritet skal være uavkortet så vel utad som innad».