Kommunen blandar rollene

Bergen kommune bør overlate bustadbygging til private.

UTGLIDING: Byrådet, med Anna Elisa Tryti (Ap) og Harald Schjelderup (Ap) i spissen, vil at kommunen sjølv skal drive eigedomsutvikling i Laksevåg. Det bør bystyret seie nei til, skriv BT på leiarplass. Fred Ivar Utsi Klemetsen

Byrådet i Bergen vil bruke 50 millionar kroner til å kjøpe ti tomme utleigehus i Vågedalen på Laksevåg. Dei meiner kommunalt kjøp må til for å utvikle Laksevåg til ein betre stad. Motivet er edelt, men ideen er dårleg.

Dei ti eigedommane har til saman 56 leilegheiter, og vart nyleg seld frå bustadbyggjelaget Obos til eigedomsselskapet Midgard Gruppen AS. Husa vart bygd som forlegningsbrakker for tyske soldatar under 2. verdskrig, og er no i så dårleg forfatning at dei er godkjent kondemnerte.

Obos skulle rive og byggje nye bustadblokker på tomtene. I mai i fjor la dei ut dei første av dei rundt 130 leilegheitene til sals, men gav opp etter at dei berre fekk seld 10 prosent av dei.

Når byrådet vil gripe inn i salet med kommunal forkjøpsrett, argumenterer dei med at dei ikkje trur Midgard Gruppen vil ha noko større suksess i å selje leilegheiter enn Obos. Byrådet fryktar difor at Midgard Gruppen på nytt skal ta inn leigetakarar i brakkene, og såleis «motvirke en planlagt fornying/oppgradering av bydelen/området».

Måten byrådet her mistenkjeleggjer ein privat utbyggjar på, verkar spekulativ. Argumentasjonen om at dei fryktar at utbygginga vil ta lang tid, blir ikkje mindre hol av at byrådet sjølv ikkje veit kva det skal bruke området til.

Normalt når kommunen bruker forkjøpsretten handlar det om å dekkje konkrete behov, som kommunale utleigebustader. Denne saka skil seg frå normalen ved at byrådet ikkje har ein klar plan for området, berre at ein skal vurdere alt frå sjukeheimar til bustader for familiar.

Når kommunen på denne måten går inn i direkte konkurranse med private utbyggjarar, er det òg problematisk i høve til kommunens rolle som reguleringsmakt. Byrådet går i saksframlegget langt i å seie at dei ønskjer å utnytte denne dobbeltrolla:

«Selv om gjeldende regulering kan vise seg ikke å være realiserbar, vil kommunalt eierskap forenkle en fornyet vurdering av arealbehov for ulike formål i området og en eventuell omregulering til et annet formål.»

Byrådet viklar seg her inn i ei høgst problematisk rolleblanding, som opnar for ei utgliding byen ikkje er tent med.

Saka er no sendt vidare til bystyret, som har siste ord. Dei bør seie nei.

Lederen
BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:
«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsensintegritet skal være uavkortet så vel utad som innad».