No må partia tenkje mindre på seg sjølv og meir på ferjefolket

Frp, Ap og Sp har førebels ikkje greidd å samle seg om eit opplegg for å redusere ferjetakstane. No må dei ta ansvar.

  • Bergens Tidende
    Bergens Tidende

Lågare ferjeprisar vil vere ei svært kjærkomen handsrekking til distriktsnæringslivet, skriv BT på leiarplass. Foto: Helge Skodvin (arkiv)

Publisert Publisert
iconLeder
Dette er en leder. Lederartikkelen uttrykker Bergens Tidendes publisistiske idé: En partipolitisk uavhengig, frittstående, liberal og borgerlig (ikke-sosialistisk) avis.

Fredag handsama finanskomiteen på Stortinget ein større krisepakke. Der klarte ikkje partia å samle seg om eit opplegg for å redusere prisane på ferjebillettar i Noreg, trass i at både Frp, Ap og Senterpartiet har varsla at dei vil dette.

No jobbar partia for å finne ei løysing før saka blir endeleg handsama i Stortinget på tysdag. Dei tre partia har til saman fleirtal. Det er dermed ingen grunn til at dei ikkje skal kunne finne saman i denne saka.

Om partia ikkje greier å danne fleirtal no, viser det at dei er meir opptekne av valkamptaktikk og politisk spel enn av å gjere noko for vanlege folk langs kysten og i fjordane.

Les også

Rapport: Norge blant de dårligste på å bruke krise­penger til grønn omstilling

Arbeidarpartiet ønskte først å halvere ferjeprisane gjennom dei fire neste statsbudsjetta. Så kom Frp på banen og ville halvere prisen allereie denne våren, før dei på sikt skal bli gratis.

No har Ap gjort framlegg om eit anmodningsvedtak der regjeringa blir beden om å kome med ein plan for halvering over fire år. Frp vil ha ein forpliktande plan i revidert nasjonalbudsjett. Og Senterpartiet har lagt inn eit representantframlegg om saka.

Situasjonen er prekær for både folk og næringsliv ute i distrikta. Mange har fått svært høge aukar i ferjetakstane, samstundes som det ikkje finst noko alternativ til å ta ferja.

Det er vedteke krisepakkar til svært mange sektorar i samfunnet gjennom det siste året. Framlegget om å bruke ein krisepakke på ferjetakstar har blitt kritisert fordi takstane ikkje er endra som konsekvens av koronapandemien.

Les også

BT meiner: Barn og unge trenger hjelp. Nå.

Lågare ferjeprisar vil likevel vere ei svært kjærkomen handsrekking til distriktsnæringslivet. Og folk utanfor storbyane treng å sjå at partia er villige til å gjere noko med eit problem som er akutt i mange lokalsamfunn.

Med krisemålingar nærast dagleg, har Frp varsla at dei ikkje lenger vil inngå kompromiss. Det er ei håplaus haldning til politikk. Alle som sit på Stortinget må vere villige til å gje og ta. Frp kan ikkje vere noko annleis enn andre parti.

Om resultatet av denne nye haldninga er at det ikkje blir billegare ferjebillettar, er det nok heller ikkje særleg sannsynleg at veljarane vil applaudere for Frp.

No må partia tenkje mindre på seg sjølv og meir på ferjefolket.

Publisert
  1. Ferje
  2. Ferger
  3. Revidert nasjonalbudsjett
  4. Krisepakke
  5. Næringsliv

Les mer om dette temaet

  1. «Det må bli lettare å ta med jobben til bygda»

  2. Er dette Senterpartiets svake punkt?

  3. Solberg om krisepakkekaos: – Skulle gjerne hatt en annen prosess

  4. Bergen ber om å få gå ut av ringsystemet

BT anbefaler

Hvem blir ny sportssjef i Brann? Her er åtte mulige kandidater.

Sjekk listen.

LES SAKEN