Bør vente med kommunalt reinhald

Byrådet bør ikkje kaste reinhaldarane ut med vaskevatnet.

Publisert Publisert

RISIKERER JOBBEN: Deimante Seputyte og Agnies Kupska er blant dei som kan miste jobben når Bergen kommune overtar reinhaldet. Foto: Eirik Brekke

  1. Leserne mener

Bergen kommune har bestemt seg for å gjere reinhaldet sjølv. I dag er delar av dette arbeidet sett ut til private.

Offentleg sektor har godt av private innslag, men ein bør vurdere kva som skal ut på anbod i kvart høve. Ideologi bør ikkje vere det einaste som styrer kommunen.

Det er fornuftig å la private konkurrere om ein del tenester, då det bidreg til lågare kostnader og meir rasjonell drift. Når kommunen no går vekk frå dette, reknar byrådet med at kostnadane stig frå 45 til 50 millionar kroner.

I tillegg kan situasjonen bli verre for dei som reingjer i dag.

Rekommunaliseringa, altså at kommunen tek over drifta frå private, kjem ikkje ut av det blå, sidan Arbeidarpartiet lova dette før valet i fjor. Ordførar Marte Mjøs Persen (Ap) lova òg at alle reinhaldarane skulle få jobb i kommunen, gjennom ei såkalla verksemdoverdraging. Det betyr at kommunen overtek dei tilsette frå den private verksemda.

«Renholdere: Det har noe å si hvem som styrer», sa Persen ifølgje Frifagbevegelse.

Men det vert vanskeleg for Ap å gjennomføre båe løfta. Kommunen har nemleg slått fast at dei ikkje kan krevje ei verksemdoverdraging.

Les også

100 renholdere kan stå uten jobb

Byrådet er i dialog med dei private selskapa for å prøve å finne ei løysing på saka. Dersom partane likevel vert einige om ei overføring, vil det vere bra for dei tilsette. Men tida er knapp.

Klarer dei ikkje det, vil kommunen lyse ut stillingane. Dagens reinhaldarar stiller då på lik line med alle andre søkjarar, og risikerer derfor å miste jobben.

Prosessen verkar å ha gått svært raskt. Avgjerda om å avslutte kontraktane vart gjort for nokre veker sidan. I mars er det slutt.

Det betyr at kommunen har dårleg tid til å få reinhaldet på plass. Når situasjonen er så uavklart for dei tilsette, burde byrådet revurdere eller utsetje rekommunaliseringa.

Det vil vere paradoksalt om Aps valløfte fører til at reinhaldarar blir arbeidslause.

Publisert
Om BTs leder

BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:

«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsens integritet skal være uavkortet så vel utad som innad».