Kunstig handel

Noreg bør ikkje vere ei frihamn for lyssky kunsthandel.

Publisert Publisert

UREGULERT LAGER: Det norske tollsystemet skal ikkje vere eit lager i ingenmannsland. Då må ein tette hòl i lovverket, meiner Bergens Tidende. Foto: Fabrizio Bensch, Reuters/NTB Scanpix (Arkiv)

Fredag avslørte DN korleis Tor Arne Uppstrøm har brukt eit kunstlager i Oslo til å kjøpe og selje kunst for meir enn 100 millionar kroner.

Samtidig har den norske stat jakta på verdiane hans. Uppstrøm skuldar nemleg Noreg 60 millionar kroner etter ei skattesak som dukka opp i kjølvatnet av Mjellem & Karlsen-saka på 2000-talet i Bergen.

Sentralt i avsløringa står DHLs kunstlager i Oslo. Lageret har ein spesiell tollstatus, som gjer at innhaldet teknisk sett ikkje er i Noreg.

Det er ei tillitserklæring som lageret utfordrar.

Det er liten eller ingen kontroll av kunsten som vert lagra der. Då DN leverte eit litografi på DHLs tollager i Oslo, vart verken innhaldet eller identifikasjon sjekka. Det har DHL heller ingen plikt til å gjere.

Slike tollager kan difor vere ei frihamn for økonomisk kriminalitet.

Saka viser korleis eit bilete kan bli seld utan å bli flytta frå lageret. Det opnar opp for kvitvasking av pengar.

Uppstrøm kunne difor omsetje kunst for enorme summar, utan at staten visste om det.

Les også

Frode Bjerkestrand: 30 minutter med landets litterære utenforby

Tidlegare har DN avslørt korleis DHL-lageret har hatt eit visingsrom, der ein kan sjå kunsten som eigentleg ligg der i påvente av fortolling.

Det er ulovleg, og viser korleis lageret i praksis er ein arena for omsetning av dyr kunst.

Avsløringa har fått konsekvensar. Berre timar etter at saka vart publisert, gjekk Oslo kemnerkontor til aksjon mot lageret.

Men avsløringane bør òg få meir generelle konsekvensar for slike lager. Dei bør kontrollere og loggføre kunsten. Dei bør òg kontrollere kven som eig verdiane. Det bør òg vurderast ei maksgrense på kor lenge ein kan oppbevare kunsten i påvente av fortolling.

Regjeringa varsla i statsbudsjettet ei omorganisering av skatteoppkrevjinga i Noreg. Mange kontor vert lagde ned, og eit av argumenta for, var å gjere noko med arbeidskriminalitet og svart økonomi. Uppstrøm-saka viser at Noreg har store problem med sistnemnde.

Det norske tollsystemet skal ikkje vere eit lager i ingenmannsland. Då må ein tette slike hòl i lovverket.

Publisert
Om BTs leder

BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:

«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsens integritet skal være uavkortet så vel utad som innad».