Macron undergrev Nato-samarbeidet

30 år etter Berlinmurens fall svekker alliansen seg sjølv.

KUNSTIG BARRIERE: Når Macron snakkar om den europeiske idé, lagar han ei kunstig barriere innanfor Nato. Alliansen er transatlantisk, og ikkje berre europeisk, meiner Bergens Tidende. POOL Reuters/NTB Scanpix (Arkiv)

Frankrikes president Emmanuel Macron seier at Europa ikkje lenger kan stole på at USA oppfyller Nato-pakta. Til The Economist seier Macron at Nato er «hjernedaud».

Utspelet hans er nok meint å gjere Europa meir i stand til å forsvare seg sjølv. Resultatet er at han undergrev den same solidariteten som Macron meiner er mangelfull.

Bakgrunnen for utspelet, er at Macron meiner at USA har snudd ryggen til Europa ved å trekke seg ut av Nord-Syria. Men det gjorde USA i tråd med Nato-landet Tyrkias ønskjer.

USAs manøver var forhasta og dårleg planlagt, men det er ikkje eit godt døme på at Nato står svakt. Tvert imot skapte USAs nærvær i Nord-Syria gnissingar innanfor alliansen, fordi den kurdiskdominerte militsen står svært tett den terrorlista PKK-rørsla.

Les også

Merkel og Stoltenberg avviser at NATO-alliansen er hjernedød

Når Macron seier at Trumps Syria-politikk bryt med den europeiske idé, lagar han ei kunstig barriere innanfor Nato. Alliansen er transatlantisk, og ikkje berre europeisk. Macrons perspektiv verkar meir vesteuropeisk enn europeisk.

For Macron står òg i vegen for at Nord-Makedonia og Albania kan bli EU-medlemmer. USA har derimot stått i bresjen for å inkludere desse landa i det europeiske prosjektet.

Utsegnene kjem samtidig som Europa feirar at det er 30 år sidan Berlinmuren vart riven ned. Murens fall var ikkje berre ein siger for Tyskland, men for heile Europa. Aust-Europa kom ut frå jarnteppet.

Ei rekke land vart både EU- og Nato-medlemmer.

RIV MUREN: Folk frå Aust- og Vest-Berlin har samla seg på muren framfor Brandenburger Tor 10. november 1989. Jockel Finck / AP (Arkiv)

I det same intervjuet med The Economist, seier Macron at Europa må gjenopne strategiske samarbeid med Russland. Det bør ikkje skje så lenge Russland okkuperer deler av Ukraina.

Han baserer tenkinga si på at Russland ikkje vil klare å etablere seg som ei supermakt igjen. I så tilfelle vil dei måtte velje mellom eit nærare partnarskap med Europa eller bli eit slags underbruk av Kina. Det er i beste fall naivt.

Nato har verkelege utfordringar. USAs president Donald Trump har fleire gonger ytra seg kritisk til Nato-pakta, men han har møtt motstand i Kongressen.

Beskjeden derfrå er tydeleg: Nato står sterkt i USA. Nato-generalsekretær Jens Stoltenbergs kloke tilnærming til Trump er eit nyttig bidrag i så måte.

Macrons utfall går i motsett retning. Dei einaste som applauderer utsegna hans er Russland. Det er ein trist inngang til Nato-toppmøtet i desember.