Avinors klimafiendtlege forretningsmodell

Avinor bør kutte millionstøtta til nye direkteruter til utlandet.

Publisert Publisert

SPONSA: I mai landa det kinesiske flyselskapet Hainan Airlines for første gong på Gardermoen, etter fleire års innsats frå Avinor. Regjeringa bør få slutt på statleg subsidiering av slike flyruter, skriv BT på leiarplass. Foto: REGIS DUVIGNAU / X00095

  1. Leserne mener

«Husk at det er summen av de små valgene som avgjør», sa statsminister Erna Solberg (H) i ein nyårstale som hadde klimasaka som raud tråd. Eit av desse små vala, som dreg Noreg i feil retning, er Avinor si sponsing av nye direkteruter til utlandet.

Ved å droppe sponsinga, kan staten både bremse utslepp av klimagassar og spare pengar. Det burde vere eit enkelt val.

Dei siste fem åra har det statlege selskapet Avinor, som driv dei fleste norske flyplassar, betalt 330 millionar kroner i støtte til nye direkteruter til utlandet, melder NRK. Selskapet som det siste året har pussa på klimaprofilen ved å snakke om elektriske småfly, har altså som forretningsmodell å auke flytrafikken.

Les også

BT-leder: Håp i luften

Nordmenn er eit flygande folk. Geografien gjer at fly er ein praktisk, og etter kvart rimeleg, måte å kome seg fram på. Dessutan har vi fått betre råd, og dreg meir til utlandet på ferie.

Eit resultat av dette er at utsleppa av klimagassar frå norsk flytrafikk har blitt dobla sidan tusenårsskiftet. Då er ikkje trafikken med utanlandske flyselskap rekna med.

Medan elbil-revolusjonen er i ferd med å få ned utsleppa i vegtrafikken, ligg løysingar for flya langt fram i tid. Rett nok blir fly stadig meir energieffektive, men elfly og andre nullutsleppsløysingar er langt unna.

I mellomtida kan ein ikkje halde fram med å flyge meir, om ein skal få ned utsleppa.

I det perspektivet blir det absurd at Avinor brukar store summar på å subsidiere flyreiser frå Kina til Noreg. Ein kan sjølvsagt argumentere med at det er bra for norsk turistindustri, men ein slik modell for turisme er ikkje spesielt berekraftig.

I desember fekk regjeringa råd frå eit offentleg utval om å avvikle støtteordningar som betalar flyselskap for trafikkvekst og nye flyruter. Oppfølginga av rapporten er eit godt høve for Solberg til å vise at nyårstalen er meir enn ord.

Regjeringa bør endre målsetjingane til Avinor. Så lenge det ikkje finst nullutslepps-løysingar for fly, bør ikkje selskapet ha som mål å auke flytrafikken.

Dei samla klimautsleppa som følgjer av verksemda, inkludert alle flyruter til og frå Avinors flyplassar, må vege langt tyngre.

Solberg tok i nyårstalen til orde for løysingar som fungerer, og mot symbolpolitikk. Avinor-saka er ein god test på kor langt det er frå ord til handling.

Publisert
Om BTs leder

BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:

«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsens integritet skal være uavkortet så vel utad som innad».