Trugsmålssamfunnet

LEIAR: Trugsmåla mot forskaren ved Universitetet i Bergen (UiB) er uakseptable, og uttrykk for eit tøffare debattklima.

Publisert:

LÅST: Sosiologisk Institutt ved UiB måtte skjerpe adgangskontrollen, etter trusler mot ansatt. Foto: HANNE LOUISE ÅKERNES

Etter at førsteamanuensis Alf Gunvald Nilsen (UiB) hadde eit lesarbrev på trykk i den britiske avisa The Guardian der han koplar Framstegspartiet (Frp) med Anders Behring Breivik, har UiB skjerpa tryggleiken på grunn av trugsmål mot sosiologen.

Nilsen seier at universitetstilsette har plikt til å delta med politiske standpunkt i samfunnsdebatten. Men i den aktuelle artikkelen står Nilsens akademiske kreditering fram som malplassert, og det er uklårt kva som er det forskingsmessige grunnlaget for påstandane han kjem med.

Likevel er det er uakseptabelt at akademikarar blir utsette for trugsmål fordi dei nyttar seg av retten til å ytre seg fritt.

Denne fridomen bør vere like sjølvsagt for akademikarar som for karikaturteiknarar og andre, og trugsmål set ytringsfridomen under press. Skal vi ha kunnskapsbaserte debattar, er den norske allmenta også avhengig av at akademikarar og andre med kunnskap deltek i ordskiftet. Det gjeld ikkje minst i kontroversielle saker.

Trugselnivået i det norske samfunnet er høgare enn før. Ifølgje PST har aldri fleire personar frå styresmaktene vore utstyrte med tryggleikstiltak som alarmar, livvakter eller trugsmålsvurderingar enn ved årets valkamp.

Vi må venne osstil eit høgare trugselnivå enn det vi tidlegare har vore velsigna med i Noreg

Justisdepartementet har slått fast at behovet for slike tenester har auka etter terrorangrepet 22. juli 2011. Etter denne datoen har pengebruken auka frå 77. millionar i året, til minst 130 millionar kroner i året.

Vi må venne oss til eit høgare trugselnivå enn det vi tidlegare har vore velsigna med i Noreg. Norske folkevalde er meir synlege enn før, og internett gjev fleire kanalar for offentleg debatt, men også for trugsmål og hatefulle ytringar. Då er det viktig at politiet har verktyet som trengst for å hanskast med utfordringane.

Eit slikt verkty er lovendringa som likestiller internettytringar med ytringar i trykt skrift. Denne vart innført etter at den bergensbaserte bloggaren Eivind Berge vart fengsla for å ha framsett det som vart oppfatta som trugslar mot politiet på sin private blogg. Trugande ytringar kan, og bør, rammast av straffelova.

Alle som er engasjerte i samfunnsdebatten, det vere seg skribentar, politikarar og akademikarar er ein del av ein større fellesskap, som bør stå saman om dette forsvaret uavhengig av politisk farge.

I høve den truga sosiologen, har akademia eit ansvar for å forsvare hans rett til frie ytringar, uansett kor kontroversielle dei kan synast. Det kan gjere den einskilde betre rusta til å hanskast med uakseptable trugsmål.

Publisert:
Om BTs leder

BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:

«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsens integritet skal være uavkortet så vel utad som innad».