Det er nok bilar i Bergen

Ei løysing på bompengekrisa må ikkje føre til fleire bilar, dårlegare luft eller høgare klimagassutslepp.

Eirik Brekke (arkiv)

Det er krisetider i regjeringa. Frp vil redusere bompengetakstane. Det står steilt mot Venstres mål om å redusere klimagassutslepp globalt og miljøproblem lokalt – ikkje minst i storbyane.

Det er førebels uklart korleis – og om – denne floka lar seg løyse. Kan både bompengane og utsleppa gå ned samstundes?

Uansett kva slags diskusjonar som går i regjeringspartia, må éin ting vere klar: Det er nok bilar i Bergen no. Ei løysing som gjev meir svevestøv og biltrengsel kan ikkje Bergen leve med. Ei heller ei løysing som aukar klimagassutsleppa.

Fleire delar av den såkalla skissa er blitt omtalt i media. Her ligg det pengar til kollektivsatsing i storbyane, men også til reduserte bomtakstar. Som BT tidlegare har vist, kjem dette på toppen av bomreduserande tiltak regjeringa alt har vedteke.

Det kan vere at det er mogeleg å redusere bompengetakstane noko utan at det fører til auka biltrafikk. Det kan i så fall vere bra, fordi gode miljø- og klimatiltak kan leve eit farleg liv når motstanden blir så stor.

Les også

Venstres stortingsgruppe i hastemøte om bompenger

Bompengane har vore naudsynte for å sikre midlar til veg, kollektiv og gang- og sykkelvegar, og for å dempe veksten i biltrafikken.

Men bompengane er berre eit middel for å nå desse måla, og ikkje eit mål i seg sjølv. Om det finst andre løysingar som sikrar både inntekter, klimagassreduksjon og omsynet til nærmiljøet, bør alle partar vere pragmatiske.

I fleire av dei store byane er bompengemotstanden stor. Det kan gjere det vanskeleg å forsvare ordninga. Om eit kompromiss i regjeringa til dømes reduserer satsane i ytre bomring i Bergen noko, kan det vere med på å dempe konfliktnivået utan at bilbruken går opp.

Tiltak som «bompause» på kveldstid eller endra struktur på takstane kan også gje eit lågare trykk på bilistane utan at det automatisk aukar bilbruken.

Eit av problema er at lågare bomsatsar kan gje vekst i bilismen i morgon, medan pengar til kollektivutbygging først får effekt om fleire år. Alle endringar må ha for auge at Bergen ikkje kan leve med vekst i bilismen, korkje på kort eller lang sikt.

No har Bergen ei mykje reinare byluft enn før og klimagassutsleppa går ned. Desse sigrane kan ikkje gå tapt fordi regjeringa treng å redde seg sjølv.

Lederen
BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:
«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsensintegritet skal være uavkortet så vel utad som innad».