Ølstasjonen

Bensinstasjonar bør få selje øl.

ØL PÅ STASJONEN: – Regjeringa bør fjerne tilfeldige skiljeliner, slik som den mellom butikkar og kioskar, meiner Bergens Tidende. Berit Roald, NTB Scanpix (Arkiv)

Virke servicehandel krev at bensinstasjonar og kioskar får same rett til å selje øl som daglegvarebutikkane.

Det bør dei få lov til.

Regjeringa held no på med ei ny lov om god handelsskikk. Det er der innspelet har kome inn. Iman Winkelman leier Virke-avdelinga for kioskar, bensinstasjonar og servicehandel.

– Det me ber om, er først og fremst likebehandling. Alternativet er at alt ølsal blir tatt inn på Vinmonopolet, seier han til Dagens Næringsliv.

Det er berre Framstegspartiet som er positiv til ei slik lovendring. I eit debattinnlegg i Oppland Arbeiderblad argumenterer partiets næringspolitiske talsmann Morten Ørsal Johannesen for at ølsal kan hjelpe distrikta.

Der har talet på butikkar gått ned, skriv han. Det kan ikkje vere eit mål for norsk alkoholpolitikk at køyreavstanden til eit ølutsal skal vere lang.

Johannesen viser dessutan til tal frå SSB og Folkehelseinstituttet der det står at alkoholkonsumet har gått ned, samtidig som talet på vinmonopol og daglegvarebutikkar har gått opp.

Grunngjevinga for å seie nei til bensinstasjonar og kioskar har vore at det gjer alkoholen meir tilgjengeleg.

Dersom ein bensinstasjon legg ned og vert erstatta av ein liten daglegvarebutikk, kan ein selje øl. Det er heller ingenting i vegen for at ein daglegvarebutikk kan selje drivstoff eller tilby lading for elbil.

Skiljet mellom dei to butikktypane er kunstig.

Det vert òg argumentert med at bensinstasjonar først og fremst rettar seg mot trafikantar. Det argumentet held ikkje. Mange køyrer bil til matbutikken. Det betyr ikkje at folk tyllar i seg ølet på parkeringsplassen.

Og dersom bilaspektet skal takast vare på, bør ikkje daglegvarebutikkar med parkeringsplassar få selje alkohol. Slik kan det ikkje vere.

Ei borgarleg og liberal regjering bør gjere sitt for å jamne ut urettferdige konkurransefortrinn i daglegvarebransjen. Dei bør bruke anledninga til å fjerne tilfeldige skiljeliner, slik som den mellom butikkar og kioskar.

Desse butikkane må følgje dei same reglane som alle andre, både med tanke på opningstid og aldersgrenser. Det er ikkje snakk om å utvide grensene for alkoholsal.

Norsk folkehelsepolitikk toler at butikkar vert likestilte med butikkar.

Lederen
BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:
«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsensintegritet skal være uavkortet så vel utad som innad».